Familiepakke

På Hotel Union får barna tid til å leike og bade, samtidig som dei får kvalitetstid saman med foreldra sine. Dei vaksne får tid til både seg sjølve, kvarandre, og sjølvsagt heile familien samla. For oss er det viktig at heile familien sit igjen med kjensla av å vere knytt sterkare saman.

Opplev Geiranger
Geiranger har mykje å by på! Vi har flotte turmoglegheiter rett utanfor hotellet, både korte og lengre turar. Vi kan varmt anbefale turen å ta turen opp "Mørkja" til Vesterås gard. Det er også mogleg å gå vidare opp mot Storsæterfossen (før snøen kjem), der de kan gå bak fossen. Om det er mykje snø så kan vi anbefale å gå langs vegen opp til utsiktspunktet Flydalsjuvet og "Dronningstolen". Besøk Norsk Fjordsenter og lær om både geologi, landskapsformer og naturmangfald. Eige aktivitetsrom for born i kjellaren. Gå den populære Fossevandringa ned til sentrum. Her kjem du tett på Geirangerelva.

Familiepakke, frå kr. 3590,- (I påska har vi kampanjepris på familiepakke frå kr. 2990,-).
Inntil 2 vaksne og 2 barn i eit standard familierom. 
Prisen inkluderer overnatting, middag, frukost og adgang til Union Bad.


Innandørs barnebasseng hjå Hotel Union Geiranger.

hotel_union_geiranger_høst_tonemolnes_2018_TMO3949.jpg

_TMO2009_E.jpg

Bestill opphald