23. mai 2022

7 fjellturar du kan gå frå Hotel Union Geiranger

Turkart_Geirangersentrum_web.jpg
Foto: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarvstatus / Finn Loftesnes


Bur du på Hotel Union Geiranger er det lett å bli freista til å gå ein tur i den vakre naturen. Her finn du 7 turar som er i gåavstand frå hotellet.

Fjella og naturen som omsluttar Hotel Union Geiranger er vakker, men kan også vere nådelaus. Før du knyt turskoa og legg i veg vil vi derfor gi deg nokre råd for trygg ferdsel i verdsarvområdet. 

Slik vel du riktig fjelltur for deg

Alle turar er delt inn i 4 vanskegrader. Det er lett å bli ivrig, men ikkje gå for hard ut. Sørg for å velje ein tur som passar ditt (og resten av turfølgjet) sitt nivå. Vanskegrada på turane er delt inn i slik: 

Grøn rute: Passar for nybyrjarar og kan gjennomførast av dei fleste.

Blå rute: Passar turgåarar med grunnleggande ferdigheiter og litt erfaring frå terreng. 

Raud rute: Passar erfarne turgåarar med godt turutstyr og gode fjellsko

Svart rute: Passar erfarne fjellfolk og uthaldande personar. 

Fjella i Geiranger har mange flotte utsiktspunkt. Ikkje alle er sikra, så vær veldig forsiktig når du ferdast rundt desse. Omkring elver og fossefall er det ofte glatt, så trå varsamt så du ikkje fell! 

Vis omsyn til kulturminna

Når du legg ut på tur er sjansen stor for at du kjem over kulturminner og andre spor etter fortida som fjellgardar, setrer og steingardar. For å ta best mogleg vare på desse håper vi alle som legg ut på tur frå Hotel Union Geiranger vil følgje Norsk Fjordsenter sine «Fjordvettreglar», som mellom anna ber om at du ikkje flyttar på steinar eller murar.

Pakk sekken med riktig utstyr

Veret på våre trakter kan skifte raskt, så sjekk gjerne vermeldinga før du tek turskoa fatt. Sjølv om sola skin når du går frå hotellet, er det ikkje sikkert du får det same gode veret på heile turen eller når du kjem fram til turmålet. Kle deg godt, bruk gode fjellsko og ha gjerne med ekstra klede i sekken.

Sørg for å ha med nok drikke og gjerne ein matbit om du skal eit stykke av garde. Hotellet tilbyr eigen nistepakke som du kan kjøpe med deg. Den inneheld wraps (vel mellom ulike pålegg), noko søtt (muffins eller scones), valfri flaske med mineralvatn og ei frukt. 

Om du er usikker på noko, anten det gjeld ver og vind, snøforhold eller kvar løypa går, så er det berre å spørje i resepsjonen, så hjelper vi deg. På Fjordsenteret si nettside finn du meir informasjon for deg som skal leggje ut på tur i Geiranger. 

Vesterås gård

1: Westerås gard

Westerås gard ligg rett bak hotellet og er ein fin tur der ein kan oppleve både dyreliv og utsikt over fjord og fjell. Turen startar ved å ta til venstre inn på vegen som ligg rett bak parkeringsplassen til Hotel Union Geiranger. Herifrå er turen skilta heile vegen til Westerås gard. 

Turen går vidare på ein brei og tydeleg sti gjennom skogen der store delar er steinlagde trapper. Langs stien kan du sjå ruinar av både gamle høyløer og murar. Framme ved garden kan du møte både sauar, geiter og lamaer, så pass på å late att grindene etter deg! 

For dei som vil gå ein lenger fjelltur er Westerås gard startpunkt for både Vesteråsfjellet (225 moh.), Løsta (500 moh.), Storsæterfossen (550 moh.) og Vesteråssætra (650 moh.) Alle desse turane finn du beskriving av i denne artikkelen. 

Lengde: 1,5 km

Høgdemeter: 300 moh.

Vanskegrad: Middels

Sesong: Januar-desember, Avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Sunnmørsalpene

2: Vesteråsfjellet

Denne turen startar du ved å gå opp til Westerås gard (sjå beskriving i tur nr. 1 i artikkelen). Når du kjem opp til garden skal du gå gjennom tunet og vidare utover fjellet. Her vil du kunne møte både sauar, geiter og lamaer som er på beite, så pass på å late att grinda etter deg! Denne delen av turen har veldig lett stigning og går på tydelig og brei sti. 

Etter ca. 500 meter deler stien seg i to. Hald til venstre og følg denne stien til du kjem til ei utløe. Like nedanfor finn du utsiktspunktet Vesteråsfjellet med ei spektakulær utsikt over Geirangerfjorden og bygda. 

Lengde: 3 km

Høgdemeter: 225 moh.

Vanskegrad: Middels

Sesong: April - oktober. Avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Løsta

3: Løsta

Turen startar ved å først gå opp til Westerås gard  (sjå beskriving i tur nr. 1 i artikkelen)

Når du kjem opp til garden skal du gå gjennom tunet og vidare utover fjellet. Her vil du kunne møte både sauar, geiter og lamaer som er på beite, så pass på å late att grinda etter deg!  

Etter ca. 500 meter deler stien seg i to. Stien som går til venstre fører deg ned til utsiktspunktet Vesteråsfjellet (sjå beskriving i tur nr. 2 i artikkelen). For å kome til Løsta held du fram på stien som no går på skrå oppover fjellsida. Her går du i lett kupert terreng til du kjem fram til utsiktspunktet Løsta (500 moh.). Her kan du sjå attende på bygda og får sjå Geirangerfjorden frå ein ny og annleis vinkel.  

Lengde: ca 5 km.

Høgdemeter: 500 moh.

Vanskegrad: Middels

Sesong: Mai/Juni - oktober. Avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Storsæterfossen

4: Storsæterfossen

Turen opp til den mektige Storsæterfossen er ein av dei mest populære fjellturane i Geiranger. Start med å gå opp til Westerås gard (sjå beskriving i tur nr. 1 i artikkelen). Herifrå kan du velje mellom to ulike råser. Den brattaste går frå parkeringsplassen til garden og er rundt 1,5 km. Den andre startar rundt 50 meter før parkeringsplassen og er rundt 2 km. 

Oppe ved Storsæterfossen kan du følge ein sti som går bak fossen og få ei unik oppleving der vatnet fossar ned foran deg. Her er det laga til med rekkverk, så det skal vere trygt å gå. 

Lengde: 3,5-4 km. 

Høgdemeter: 550 moh. 

Vanskegrad: Middels

Sesong: Mai-oktober. Avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Vesteråssætra

5: Vesteråssætra

For å kome til Vesteråssætra må du først ta turen opp til Storsæterfossen via Westerås gard (sjå beskriving i tur nr. 1 og 4 i artikkelen). Frå Storsæterfossen går turen vidare gjennom Vesteråsdalen i enkelt og ope terreng. Det første partiet kan vere noko vått og du må også krysse elva før du kjem opp til Vesteråssætra. Denne kan vere stor på våren under største snøsmeltinga, men utover sommaren blir elva mindre og enklare å krysse. 

På sommarstid møter du ofte på sauar som er på beite her oppe med dei gamle seterhusa. Saman med lyden av elva som flyt av garde ned mot fossen er dette ein fredfull stad å setje seg ned med matpakka og nyte naturen. 

Lengde: 4,5 km

Høgdemeter: 650 moh. 

Vanskegrad: Middels

Sesong: Juni-september/oktober. Avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Fosseråsa

6: Fosseråsa

Fosseråsa er den første autoriserte nasjonale turiststien i Noreg. Den startar i Geiranger sentrum, i botnen av Fossevandringa, og går opp til Storsæterfossen. Hotel Union Geiranger ligg på toppen av Fossevandringa, men for å få heile opplevinga, anbefaler vi å gå ned til sentrum for å starte der. 

For å finne startpunktet tar du deg du til Joker-butikken og følgjer vegen forbi skulen og over brua. Herifrå går du dei 327 trappetrinna opp langs Storfossen. På vegen kjem du tett på den buldrande fossen og får oppleve både flott utsikt og høge platå som strekk seg over fossefalla. Er det vindfullt eller mykje vatn i elva må du rekne med å kunne bli noko våt i håret!

Frå toppen av Fossevandringa går turen forbi Hotel Union Geiranger. Like etter parkeringsplassen skal du ta til venstre og følgje skilta til Westerås gard. Turen går vidare på ein brei og tydeleg sti gjennom skogen der store delar er steinlagde trapper. Langs stien kan du sjå ruinar av både gamle høyløer og murar. Framme ved garden kan du møte både sauar, geiter og lamaer, så pass på å late att grindene etter deg! 

Frå Westerås gard kan du velgje mellom to råser. Den brattaste går frå parkeringsplassen til Westerås gard og er rundt 1,5 km. Den andre startar rundt 50 før parkeringsplassen og er rundt 2 km. 

Oppe ved Storsæterfossen kan du følge ein sti som går bak fossen  og få ei unik oppleving der vatnet fossar ned foran deg. Her er det laga til med rekkverk, så det skal vere trygt å gå. 

Lengde: 5 km. 

Høgdemeter: 550 moh. 

Vanskegrad: Middels

Sesong: Første del kan du gå året rundt, medan dei øvre delane er avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Skageflå

7: Skageflå

Skageflå er den mest kjende fjellgarden i Geiranger og ligg på ei fjellhylle 250 moh. Her får du ei spektakulær utsikt rett mot Geirangerfjorden og fossefallet «Dei sju systrer». 

Turen til Skageflå er lang, men kan kortast ned på ved å ta båten som går mellom Geiranger sentrum og Skagehola, slik at ein enten startar eller avsluttar turen med ein båttur på Geirangerfjorden. Frå Skagehola til Skageflå går det ei veldig bratt rås som er delvis sikra med rekkverk. 

Om du ønskjer å gå frå Hotel Union Geiranger til Skageflå tek du Fossevandringa ned til sentrum, så tek til venstre og følgjer vegen mot Homlong. Denne delen av turen er ca 3 km. På Homlong følgjer du skilt mot Homlongsætra og Skageflå. Den første delen av turen opp til Homlongsætra går på god sti med slak stigning. Frå Homlongsætra går du vidare over fjellet, før du tek av ned mot fjellgarden og den vakre utsikta. Her er det fint å sitje ved dei gamle sela og spise nistepakken før du tek fatt på turen tilbake til hotellet (eller tek båten tilbake til Geiranger frå Skagehola). 

Lengde: 9 km (ein veg dersom du går frå hotellet til Skageflå. Ca 6 km om du tek båten ein av vegane)

Høgdemeter: 540 moh. 

Vanskegrad: Krevjande

Sesong: Slutten av mai-oktober, Avhengig av snøforholda. Sjekk snøskredvarslinga på varsom.no eller spør oss gjerne i resepsjonen før du legg ut på tur.

Turkart_Skageflå_web.jpg
Foto: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarvstatus / Finn Loftesnes