Yin yoga
Kvar laurdag kl. 10.00–11.00 inviterer vi til ei roleg og nærande Yin Yoga-økt i Tårnet – ein lun og vakker plass med utsikt over fjord og fjell.
Yin Yoga er ein meditativ og djupt avspennande yogastil, der du held enkle posisjonar over lengre tid for å stimulere bindevev, ledd og energibanar i kroppen. Øvingane skjer i rolege, sitjande eller liggjande stillingar og passar for alle – uansett erfaring og fysisk form.
Timen gir deg eit pusterom i kvardagen, reduserer stress og gir betre fleksibilitet og balanse – både fysisk og mentalt.
Perfekt for ein roleg start på helga. Velkomen til ei stund for deg sjølv.
Når: Laurdagar kl. 10.00 - 11.00.
Kvar: I Tårnet i 5. etasje.
Pris: Gratis for gjester som bur på hotellet, kr. 100,- per person for eksterne gjester.
Påmelding i sparesepsjonen eller ring +47 70 26 83 23.