Kjære gjest!
Takk for at du ønskjer å besøke oss, vi gler oss til å ta i mot deg! Under finn du litt praktisk informasjon som kan vere nyttig å vite i forkant av besøket ditt eller under opphaldet:
Innsjekk
Vi garanterer at rommet er klart til kl 15.00. Det er mogleg å sjekke inn før, men vi kan ikkje garantere at rommet er klart før kl. 15. Vi har bagasjerom der du kan oppbevare bagasjen din - så er du velkommen til å benytte deg av hotellfasilitetane eller utforske Geiranger fram til rommet er klart.
Utsjekk
Hos oss er det utsjekk innan kl. 12.00. Ved ledig kapasitet kan vi tilby sein utsjekk på førespurnad.
Hund på rom
Vi tillet å ha med hund på hotellrommet på enkelte av våre rom (ikkje alle romkategoriar) mot ein tilleggskostnad på kr. 350,- pr. natt. Det er ikkje tillatt å ta med hunden til fellesareala på hotellet - kun til og frå rommet gjennom resepsjonen. Hundeeigar er ansvarleg for at hunden ikkje er til bry for andre gjester, og er evt. erstatningsansvarlig for eventuelle skader på rommet forårsaka av hunden. I Geiranger har vi flotte turområder for å ta med hunden på ein luftetur - her finn du nokre gode tips til flotte turar du kan ta med hunden på.
Frukost
Frukost er alltid inkludert i opphaldet hos oss. Frukosten blir servert i Restaurant Fjorden i 1. etasje. Frukosttider:
Mandag-laurdag: 07.30-10.00
Søndag: 08.00-10.30
Middag Middagen blir servert i Restaurant Fjorden frå kl. 19.00 - 21.00. Har du bestilt opphald med middag inkludert så er det enten buffet eller 3 retters meny som er inkludert i prisen (hotellets val).
Union Bad
Inngang til Union Bad er inkludert i opphaldet. Opningstida er 06.00-22.30. Her får du tilgang til eit stort oppvarma innandørsbasseng, gode kvilesenger, badstu, utandørs oppvarma terapibasseng, samt eit lite barnebasseng for dei minste borna. Det er eigne garderober i tilknytning til bassengavdelinga, men vi har badekåper og tøfler til alle vaksne tilgjengeleg på hotellrommet, så du kan gjerne skifte til badetøy på hotellrommet og gå i tøfler og badekåpe til bassengavdelinga.
Union Spa
Det er 18 års aldersgrense for å besøke Union Spa (16 år i følge med ein vaksen). Eit dagsbesøk i Union Spa kostar kr. 400,- pr. person, eller kr. 700,- for eit helgepass. Her får du tilgang til ei stor velvære avdeling med ulike saunaer, opplevingsdusjar, japansk varmebad og ulike avslappingssoner. Spafrukost blir servert mellom 10-12, ein enkel kontinental frukost, samt at du har tilgang til kaffi, te og frukt gjennom dagen. Ønskjer du å bestille ei spabehandling så kan du gjere det her. Ring oss på +47 70 26 83 23 eller send ein epost til spa@hotelunion.no for å bestille time.
Parkering
Vi tilbyr gratis parkering utanfor hotellet langs riksvegen og på oppsida av hotellet. Sørg for at bilen din står forsvarleg parkert og ikkje til hinder for trafikken langs riksvegen.
Ladestasjonar
Vi har 6 ladestasjonar rett utanfor hotellet. Kontakt resepsjonen for å få kobla til og betale for lading. NB! Det er viktig at bilen blir flytta etter endt lading slik at andre som treng lading får komme til. I tillegg finn de fleire ladestasjonar samt ein hurtiglader ved Norsk Fjordsenter vis a vis hotellet.
Leikerom
I 3. etasje ved bassengavdelinga finn de leikerommet vårt med klatrestativ og ballbasseng.
Aktivitetsrom
I underetasjen i "Vognfabrikken" finn de ulike aktivitetar, mellom anna biljard og air hockey.