Opningstider og prisar Union Bad

Hos Union Bad kan ein slappe av og hyggje seg i fellesskap, samt få ei god vatnoppleving. Ei god vatnoppleving er mental og fysisk mosjon, harmoni, positive augeblink og mykje, ny energi.

Prisar og opningstider

Hotellet er midlertidig stengt frå 19. Desember til 3. Februar.

For gjester som bur på hotellet
Fri adgang under opphaldet
Bassenget er ope frå 06.00 til 22.30

For eksterne gjester
Union Bad er ope for eksterne gjester i tidsrommet 10.00 - 19.00 på forespørsel. Ring på førehand. Utanom desse tidspunkta er Union Bad forbeholdt gjester som bur på hotellet. 

Prisar for eksterne gjester
Vaksenkr. 300,-
Barn under 15 årkr. 200,-
Familie (2 vaksne og 2 barn)kr. 900,-


Svømmebasseng

Ta deg nokre runder i svømmebassenget (32°) innandørs, og kjenn at du brukar kroppen. Etterpå kan du setje deg godt til rette i avslappingssona og sjå flammane gneistre i peisen. For å setje prikken over i'en, tek du turen innom saunaen som ligg rett ved.

Terapibasseng

Kjenn roa omfavne deg i terapibassenget med boblebad (34°), utandørs. Her finn du massasjedyser og kobradusj, samt ei fantastisk utsikt over både fjord og fjell.

Barnebasseng

Vi har eige barnebasseng (34°), slik at dei små kan oppleve vatnet i trygge omgivnadar. Dersom dei har meir energi på lager, kan de ta turen til leikerommet.