Restaurant Fjorden

Restaurant Fjorden er hovudrestauranten vår. Her får du servert både frukost, lunsj og middag. 

Frukost blir servert mandag-laurdag frå kl. 07.30-10.00, og søndag frå kl. 08.00-10.30.
Middag blir servert frå kl. 19.00 - 21.00.

Restaurant Julie

I Brasserie Julie får du servert enkle lunsjrettar med salatar og smørbrød. Du får også servert ein bedre middag med eit godt utval av forrettar, hovudrettar og dessert. Menyen varierer vi ut frå sesong og råvarer, og vi nyttar dei beste norske råvarene. Brasserie Julie finn du i 1. etasje ved restaurant Fjorden.

Kafé Løsta og hagen

I 3. etasje ved basseng avdelinga finn du Kafé Løsta. Her får du servert enkle lunsjretter og andre forfriskninger. Om sommaren er det flott å nyte ein god lunsj ute i hagen med utsikt over Geirangerfjorden.

Bankett

Mollaløa selskapslokale

Mollaløa er ei gammal, rustikk løe som står i hotellhagen. Her kan vi tilby ei stemningsfull matoppleving i særeigne omgivnadar for grupper. Kontakt oss for å reservere Mollaløa selskapslokale.

Vinsmaking

Mørke, fred, ro, rett fuktnivå og temperatur. Vin er vitskap. Vår profesjonelle vinkelner deler kunnskap om smakar og lukter, produsentar og årgangar, lagring og nyting.