25. oktober 2023

Topp 10 opplevingar i Geiranger om hausten

Hausten er ei vakker tid. Naturen får ein ny fargepalett i raudt, oransje og gult, og lufta blir kald, frisk og klar. Under har vi samla våre beste tips til aktivitetar og opplevingar i Geiranger om hausten.

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_DSF5607.jpg

1. Topptur 
Hausten er den finaste tida for turar i fjellet, og Geiranger byr på mange spektakulære toppturar. Vi kan varmt anbefale desse tre toppane som alle gir spektakulær utsikt over Geiranger og fjorden: Vinsåshornet, Geitfonnegga og Laushornet.

2. Nyt stjernehimmelen 
Med hausten kjem også mørke kvelder. Nyt stjernehimmelen frå utebassenget vårt! Og om du er ekstra heldig så kanskje du får sjå nordlyset og!

IMG_8568_red.jpg

3. Opplev haustfargane i fjella
Å køyre over Geirangerfjellet om hausten er ei vakker oppleving! Vi kan og anbefale å ta turen opp til Dalsnibba 1500 moh som held ope fram til snøen melder sin ankomst i høgfjellet (sjekk Dalsnibba.no for status på vegen opp til toppen).

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO3474.jpg

4. Haust = spatid
Hausten er den perfekte tida for å nyte varmen inne i Union Spa! Spesielt på grå og regntunge dagar. Velkommen inn i varmen!

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO4759.jpg

5. Lei elsykkel
Når "turistsesongen" er på hell blir det vesentleg mindre trafikk langs vegane - perfekt til å kunne utforske Geiranger med elsykkel!

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO2778.jpg

6. Gå på fotosafari
Hausten gir store kontrastar og mange flotte foto! Kontrastar i fargane - raudt, oransje, gult og grønt. Kontrastar mellom sol og skugge - sola står lavare på himmelen og dei høge fjella kastar skugge og skaper eit enno meir dramatisk landskap.

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO5132.jpg

7. Piknik ute i det fri 
Kjøp med deg ein god nistepakke frå hotellet, fyll opp termosen med kaffi og legg ut på tur i det flotte landskapet. Nyt ein god lunsj med utsikt over Geirangerfjorden. Vi kan varmt anbefale tur til Vesterås, Vesteråsfjellet, Løsta eller Storsæterfossen. 1638.

8. Nyt haustens smakar
Hausten byr på mange gode smakar! Friske norske grønsaker, sopp og vilt! Nyt eit betre måltid i a la carte restauranten vår Restaurant Julie. 

9. Kajakktur på fjorden
Om hausten senker roa seg også på fjorden, og ingenting er som å padle kajakk "åleine" på ein stille fjord!

IMG_2984 _Large_.jpg

10. Ribtur eller sightseeingtur på fjorden
Geirangerfjorden er vakker uansett årstid og kvar årstid har sin sjarm. Opplev fjorden i haustfargar - enten med ein fartsfylt Ribtur eller ombord i sightseeingbåten MS Geirangerfjord. Eller kva med å reise fjordvegen heile vegen frå Ålesund til Geiranger?

Andre gode tips:
- Gå Fossevandringa ned til sentrum og gå i butikkar og nyt ein god lunsj.
- Besøk Norsk Fjordsenter - lær om verdsarven og nyt ein kopp kaffi framfor peisen i den nyoppussa kaféen.
- Besøk Geiranger Galleri.
- Bli med på Festspela i Geiranger 14.-17. September

Velkomen til å oppleve Geiranger i haustdrakt!