26. september - 12. oktober

Haustferie

Haustferie i Geiranger – natur, ro og opplevingar for heile familien

Hausten i Geiranger er noko heilt spesielt. Fargane i fjellsidene gløder i raudt, oransje og gull, og tempoet i bygda senkar seg. Her får du pusterom frå kvardagen – og samtidig tilgang til eit stort spekter av aktivitetar.

Geiranger er omgitt flotte fjellturar, frå korte og familievennlege stiar til lengre toppturar med storslått utsikt over fjorden. Her har vi samla nokre gode turtips. For dei som ønskjer meir fart og spenning, tilbyr Explore Geiranger både zipline og via ferrata – perfekt for å utfordre seg sjølv i trygge rammer. Du kan òg oppleve fjorden frå båt på ein sightseeing-tur, eller leige elsykkel og trille stille gjennom bygda og nærområdet.

På Hotel Union legg vi til rette for at både store og små skal kose seg. I haustferien serverer vi familiebuffet med noko for alle smakar, og kvar kveld frå 3.–11. oktober inviterer vi til barnedisco med musikk, dans og latter.

Enten du kjem for fjellturane, aktivitetane eller berre for å nyte stilla – hausten i Geiranger gjer godt for både kropp og sjel.

haust_senior.jpg


Smakebitar frå programmet

JornHorst_2023_KredMagneRisnes3_edit_red.jpeg
Krimforfatter Jørn Lier Horst. Fotograf: Magne Risnes


Møt krimforfatter Jørn Lier Horst i Geiranger 3.-5. oktober

Helga 3.–5. oktober får vi storfint besøk av ein av Nordens mest suksessrike krimforfattarar, Jørn Lier Horst. Med bakgrunn som etterforskingsleiar i politiet og eit imponerande forfattarskap, byr han på to spennande foredrag – eitt for vaksne og eitt for barn.

Krimtime

Jørn Lier Horst har lang erfaring som etterforskingsleiar i Vestfold politidistrikt, men er mest kjend som ein av Nordens mest suksessrike krimforfattarar. Den djupe kunnskapen og erfaringa hans gir eit sjeldan detaljert og realistisk innblikk i korleis alvorlege kriminalsaker vert etterforska, og korleis både politi og presse arbeider. Han er òg ekspertkommentator i VG og kjend frå Åsted Norge.

Med bilete og eksempel frå si eiga etterforskingskarriere tek Horst oss med i fotspora til drapsmenn og andre brutale forbrytarar – inn bak sperrebanda, inn på åstader og inn i sitt forfattarskap.

For bøkene sine er Jørn Lier Horst mellom anna heidra med den norske Bokhandlarprisen, Rivertonprisen, den nordiske Glassnøkkelen og den prestisjetunge Martin Beck Award.

I tillegg til krimbøkene om William Wisting skriv Horst òg spenningsbøker for barn og unge, og står mellom anna bak den populære serien om Detektivbyrå nr. 2.

Varigheit: ca. 60 min
Målgruppe: vaksne

Detektivbyrå nr. 2

Løys mysterium med Jørn Lier Horst! Bøkene om Detektivbyrå nr. 2 er spennande og morosam barnekrim, og er Noregs mest populære serie for unge bokslukarar. Handlinga er lagt til småbyen Elvestad, og du skulle kanskje tru at store ting ikkje hende der. Men det gjer det. For Elvestad er ein by for mysterium. Og mysterium er som kjent til for å løysast.

Passar for: barn frå 6 til 9 år (2.–4./5. trinn)
Varigheit: ca. 40 min

Magisk moro med Robin - 10.-12. oktober

Robin.jpg

I haustferien får vi igjen besøk av Magiske Robin – ein favoritt blant både små og store! Robin byr på eit forrykande trylleshow fullt av humor og imponerande triks som får fram både latter og stort engasjement hos barna. I tillegg blir det kjekke aktivitetar der barna får vere med og prøve seg på litt magi sjølve. Ei oppleving som skapar smil, latter og gode ferieminne.

Union Bad & Spa

Alle gjester som bur på hotellet har fri tilgang til Union Bad. Her kan både små og store kose seg med oppvarma innandørs- og utandørsbasseng, barnebasseng, sauna og deilige liggestolar til å kvile seg i mellom slaga. Len deg tilbake og nyt varmen frå peisen eller. 

Inngang i Union Spa kostar 400,- per person for gjester som bur på hotellet. Det er 18 års aldersgrense (16 år i følge med ein vaksen). Her kan dei vaksne trekke seg litt tilbake og samle ny energi. Her finn du mellom anna ei stor relaxavdeling, sauna, steambadstu, japansk varmebad, opplevingsdusjar og fotbad. Ønskjer du å toppe det heile med ei velgjerande spabehandling så finn du spamenyen og meir informasjon om Union Spa her.

Barnedisco, rebusløp, aktivitetsrom og leikerom Kvar kveld frå 3.-11. oktober inviterer husbandet vårt til barnedisco i dansesalen i underetasjen. Det blir dans, karaoke, leik og moro. Vi har aktivitetsrom i kjellaren med mellom anna biljard og bordtennis, leikerom i 3. etasje med ballbinge og klatrestativ. I haustferievekene set vi opp rebusløp både innandørs og utandørs med premiering. Desse aktivitetene er inkludert i opphaldet for gjester som bur på hotellet.

Familiebuffet

Kvar kveld byr vi på familiebuffet med middagsrettar som kan friste både små og store. Avslutt eit godt måltid med ein deilig dessert eller litt is frå den fristande dessertbuffeten.


Tips til andre aktivitetar og opplevingar

  • Actionfylt sightseeingtur på fjorden med RIB.
  • Zipline og via ferrata hos Explore Geiranger.
  • Gå den spektakulære Fossevandringa langs Storfossen ned til Geiranger sentrum.
  • Besøk Norsk Fjordsenter og lær meir om verdensarven, naturen, landskapet og historia. Spennande aktivitetsrom for barna i underetasjen.
fjelltur.jpg


fossevandring.jpg


Gode pakketilbod

Familiepakke for 2 vaksne og 2 barn frå kr. 3500,- pr. natt.
Seniorpakke frå kr. 1400,- pr. person pr. natt.
Haustspa frå kr. 3790,- for 2 vaksne.
Haustromantikk frå kr. 3990,- for 2 vaksne.



Bestill opphald