Spapakke

På tide å samle vennegjengen til nokre dagar fylt med ro og avslapping i spa? Ta turen til vakre Geiranger og kombiner avslapping i Union Spa med spektakulære naturopplevingar. Under har vi samla nokre gode tips til aktivitetar og opplevingar som kan passe til vennegjengen. 

Forslag til aktivitetar vår/sommar/haust:

  • Topptur til ein av fjelltoppane som ruvar høgt over Geiranger: Vinsåshornet, Geitfonnegga eller Laushornet. Alle tre gir spektakulær utsikt over Geiranger og fjorden.
  • Ønskjer du å gå ein litt kortare tur så kan vi anbefale desse: Skageflå, Løsta eller Storsæterfossen. Her finn du fleire turtips.
  • Selfie-tid: Besøk dei kjende utsiktspunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Vi kan og anbefale eit besøk til toppen av Dalsnibba (bilveg heile vegen opp, normalt ope frå mai/juni - september/oktober.)
  • Fartsfylt moro med fjordsafari på Geirangerfjorden. Kom tett på naturen i opne ribbåtar. 
  • Padle kajakk på Geirangerfjorden
  • Utforsk Geiranger med elektrisk Twizy eller elsykkel.
  • Utfordre høgdeskrekken hos Explore Geiranger - zipline, via ferrata og rappellering. 
  • Gå Fossevandringa ned til sentrum og nyt ein god lunsj.
  • Nyt ein avslappende dag i Union Spa

Her finn du fleire gode tips til aktivitetar og opplevingar: 

Topp 10 opplevingar i Geiranger om sommaren.
Topp 10 opplevingar i Geiranger om hausten.

Spapakken vår inkluderer:

  • Overnatting i oppgradert dobbeltrom
  • Inngang i vår flotte spaavdeling frå kl. 15.00 på ankomstdagen, til kl. 12.00 på avreisedagen.
  • Middag
  • Morgonkåper på rommet
  • Frukost

Spapakke, utvalde datoar:

Kampanje 9.-17. Mai - Utvalde datoar frå kun kr. 2990,-.
Ordinær pris frå kr. 3990,- for 2 vaksne.

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO2891.jpg

_TMO1952_E_min.jpg


Bestill opphald