Fjordromantikk

La romantikken blomstre! Ta ein pause frå kvardagen og overrask din kjære med eit romantisk opphald på Hotel Union i Geiranger. 

I denne pakken får de oppgradert rom med fjordutsikt, bobler og sjokolade på rommet ved innsjekk samt fri tilgang til Union Bad & Spa under opphaldet. I Union Bad & Spa får de 1500 kvm med velvære. Unn dykk ei vegjerande spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane våre. Vi tilbyr også parbehandlingar og vi kan varmt anbefale hamambehandlinga. 

Våren i Geiranger

Våren er kanskje den aller finaste årstida for å oppleve Geiranger! Bygda vaknar til liv igjen etter vinteren og snøsmeltinga gjer fossefalla ekstra store og spektakulære. Fjellsidene blir irrgrøne og kontrasten er stor mot dei kvite fjelltoppane! Kombiner spaopphaldet med ein fjelltur i spektakulær natur. Geiranger har mange flotte turmoglegheiter. Kva med ein ribtur på fjorden kombinert med ein tur opp til fjordgarden Skageflå? Eller gå trappene opp til Vesterås gard. Her har vi samla nokre av dei mest populære turane i Geiranger: https://www.hotelunion.no/arti...

Fjordromantikk pakken inkluderer:

  • Overnatting i oppgradert rom med fjordutsikt
  • Bobler og sjokolade på rommet ved ankomst
  • Frukost i Restaurant Fjorden og/eller i Union Spa
  • Middag i Restaurant Fjorden
  • Inngang til Union Bad & Spa under heile opphaldet

Pris frå kr. 3590,- for 2 vaksne.

_TMO9472_E.jpg
_TMO2378_E.jpg
_TMO9520_E.jpg
_TMO2069_E.jpg

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO4282.jpg

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO4533.jpg

Bestill opphald