Hatha yoga
Start dagen med ei mjuk og behageleg økt med bevegelse og streching for å gi energi til kropp og sinn. Ei lang oppvarming etterfulgt av ein modifisert versjon av hatha solhelsing, der vi i eit rolig tempo går igjennom heile kroppen og du lærer deg å koble bevegelse til rytmen av pulsen din.
I veke 43 og 44 tilbyr vi hatha yoga laurdag og søndag frå kl. 07.30-08.30.
Yogaøkta blir gjennomført i det flotte lokalet vårt i tårnet med spektakulær utsikt over fjord og fjell. Timen varer i 60 minutt. Pris kr. 100,- per person. Påmelding i sparesepsjonen på førehand (minimum 2 påmeldte).