Førjulstida er ei hektisk tid. Då er det viktig å finne rom for små pustepausar og tid til å pleie kjærleiken! Kvar fredag og laurdag i julebordsperioden frå 14. november til 14. desember inviterer vi alle turtelduer til eit romantisk opphald med julebord i vakre Geiranger. Her kan du finne kvilepulsen og lade opp til siste innspurten før jul. Nyt god julemat, vakker natur, spa,velvære og ikkje minst kvalitetstid med kvarandre! Pakken inkluderer overnatting, inngang til Union Bad & Spa frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 avreisedagen, sjokolade og bobler på rommet ved ankomst og Unions store julebord.
Tips til aktivitetar og opplevingar:
Nyt blåtimen og sjå på stjernene frå det oppvarma utebassenget, er du ekstra heldig så kanskje du får oppleve nordlyset! Ved sjeldne høve kan ein sjå nordlyse danse over fjella ute i fjorden.
Nyt ein god frukost i Union Spa.
Ta med ei god bok og len deg godt tilbake i ein av dei gode liggestolane i Union Spa.
Litt frisk luft gjer godt! Gå den spektakulære fossevandringa ned til sentrum her finn du nokre serveringsstadar og butikkar som held ope.
Besøk dei populære fotopunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen - ein selfie i lag med din kjære er eit must!
Ønskjer du å oppleve Geirangerfjorden i vinterdrakt så tilbyr Fjordguiding ribturar på førespurnad heile året! https://www.visitgeiranger.com...
Dette er inkludert i pakken:
Overnatting
Inngang til Union Bad & Spa frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 avreisedagen