26. mai 2023

Velkomen til firmatur i Geiranger

Den ultimate firmaturen kan du få på Hotel Union Geiranger. Sjå korleis.

Geiranger og Hotel Union har eit mangfald av aktivitetar og opplevingar å by på. Actionfylte eller meir rolege aktivitetar. Uansett kva som er utgangspunktet for ditt firma, så vil eit opphald hjå oss gje deg opplevingane du er ute etter. Og litt til.

For det er først og fremst gode opplevingar det handlar om. Påfyll av gode opplevingar. Ja, til og med spektakulære opplevingar, for nokre av dei vil ta pusten av deg og dine kollegaer. 

Det startar allereie i det du kjem til Geiranger. Anten det er via dei bratte, svingete vegane, eller du kjem sjøvegen omgitt av stupbratte fjellsider. Og det held fram når du får nøkkelkortet i hånda, og heilt til du motvillig sjekker ut og forlet bygda. 

Geiranger - perfekt for aktivitetar og arrangement

Hotel Union Geiranger, som ligg vakkert til i verdsarvbygda Geiranger i Stranda kommune, har lang erfaring som vert for ulike typar arrangement. Det vere seg konferansar, firmaturar, teambuilding, kick-off, avslutningar eller anna. Stort eller smått. Moglegheitene er mange og varierte hjå oss. 

Vi set kvalitet og service i høgsetet og er lidenskapeleg opptekne av å legge til rette for bedrifter, organisasjonar og foreiningar som ønskjer å arrangere ei samling. Dette er også grunnen til at mange av dei kjem tilbake år etter år, noko vi set stor pris på. 

Skreddarsydd firmatur med teambuilding

For utgangspunktet for eit opphald med både fagleg innhald og sosialt samvær finn du her.

Uansett kva som er føremålet med arrangementet ditt, så hjelper vi deg å setje saman ei komplett og vellukka samling. Rett og slett eit skreddarsydd arrangement etter ditt behov. 

Det finst mange aktivitetar å bryne seg på, og vi har eit godt samarbeid med ulike profesjonelle aktørar som tilbyr eit rikt utval av aktivitetar. Til dømes guida fjellturar, via ferrata, fjordsafari og fossevandring. Alt saman i fantastisk natur og i nærleik av hotellet. 

Les også: 7 fjellturar du kan gå frå Hotel Union Geiranger

Geiranger er ein ideell stad å drive teambuilding og vi kan legge til rette for spanande og utfordrande lagkonkurranser, både i sommerhalvåret og vinterhalvåret. Nokre av konkurransane har faste opplegg, medan andre kan leggast til rette etter ønskjer og behov.

Fjord og fjell - Å oppleve den fantastiske naturen frå kajakk er noko heilt for seg sjølv.

Sjå oversikt over aktivitetar og opplevingar

Som arrangør får du ein kontaktperson som tek hand om alt frå praktiske førebuingar til innhaldet i ditt program. Kontaktpersonen vil alltid vere tilgjengeleg, både før og under sjølve arrangementet. 

Sjå vår teambuildingsbrosjyre >

Fasilitetar, mat og drikke for ein vellukka firmatur

Hotellet har dei aller beste fasilitetene for eit vellukka og utbytterikt arrangement. I vårt businessenter har vi alle nødvendige kontorfasilitetar med oppgradert teknisk utstyr, trådløst nett og konferansesaler som kan romme opptil 450 deltakarar, samt eit herleg mingleområde med sittegrupper og peis.

I våre restaurantar (Fjorden og Julie) får du servert god, norsk mat av dei aller beste råvarene, både til frukost, lunsj og middag, og i våre tre barar kan du nyte det du måtte ønskje av drikke. 

Mingleområde - I konferanseavdelinga kan du finne roa og kvile mellom dei faglege slaga.

Mollaløa ligg vegg i vegg med hotellet og har plass til 40-50 personar. Denne kan nyttast til utsøkte måltid der ditt firma kan vere heilt for seg sjøl. Det samme kan du og ditt følge gjere på ein av våre 17 suitar, alle saman med fantastisk utsikt. Her kan de også nyte maten om det er ønskeleg. 

Mollaløa - stemningsfull matoppleving i særeigne omgivnadar.

Etter møte og aktivitetar er det utruleg godt å nyte stemninga, roa og velværet på Union Spa. Der finst ei våtromsavdeling med ulike bad, saunaer og behandlingar, og ei relaxavdeling som får deg til å slappe maksimalt av. I SPA-avdelinga finn du også Kafé Løsta, der du kan nyte eit lett måltid i badekåpa. I Union Bad er det avslappingssonar med peis og sauna, svømmebasseng, samt utandørs terapibasseng med boblebad. Eit must for gode kollegaer på tur.

SPA - få maksimalt ut av firmaturen med eit besøk i vår spa-avdeling.

I veteranbilmuseet får du ei reise tilbake i tid og sjå ei imponerande samling av veteranbilar. Nokre av bilane vert framleis leigde ut med sjåfør, så det er òg mogleg å få oppleve desse på dei karakteristiske vegane i bygda. Vinsmaking og vinkurs er også eit populært tiltak som mange nyttar seg av, og våre dyktige sommelierar deler sin kunnskap om våre kvalitetsviner. 

Vinkjellar og veteranbilmuseum. Smakfullt og nostalgisk og vel verd eit besøk.

Gode opplevingar gir godt samhald

Igjen - det handlar om dei gode opplevingane. Vårt mål er at du skal vere proppfull av dei etter ein firmatur til Hotel Union Geiranger. For eit slikt besøk vil gje deg minner frå start til slutt. Og lenge etterpå. Det kan vi garantere. 

Vi kan ôg garantere for at samhaldet og felleskapet i verksemda di blir styrka. For spektakulær natur, kjekke aktivitetar og gode opplevingar kombinert med eit hotell der alt ligg til rette, det gjer noko med kvar og ein.

Så - er ditt firma klar for ein tur og gode opplevingar? Rett og slett den ultimate firmatur?

Hjarteleg velkomen, og velkomen attende.

Send epost til geiranger@hotelunion.no for å starte planlegginga av din firmatur!