17. - 19. september

Leiarkurs med Merete Drønnen

Positiv psykologi brukt i leiarskap

Visste du at uengasjerte tilsette korrelerer med 37% høgare fråver og 18% lågare produktivitet? - og at 80% av arbeidsstokken produserer 31% mindre enn det dei er kapable til? 

Forsking har vist at engasjerte og glade tilsette er 31% meir produktive og 300% meir kreative. - og dei produserer heile 37% meir i sal!

Er du leiar og ynskjer å lære korleis forskingsbaserte teknikkar frå positiv psykologi, nevrovitskap og leiing kan skape slike resultat på botnlinja?

Vil du lære korleis du kan skape auka arbeidsengasjement, fornøgde medarbeidarar, betre relasjonar og få ei meir positiv kommunikasjon på din arbeidsplass? Kor alt er forankra i forsking.

På dette kurset vil du lære å identifisere og nytte dine eigne og dine tilsette sine styrker, lære korleis du bygger positive haldningar og optimisme og korleis skape eit positivt arbeidsmiljø med tilsette som trivst og har motivasjonsgiret på.


Kva kan di bedrift vinne på å fokusere på Positivt Leiarskap?

Forsking har vist at bedrifter med høgt engasjerte medarbeidarar oppnår høgare score på 6 viktige dimensjonar i verksemda: fortjeneste, produktivitet, kvalitet, innovasjon, kundetilfredshet, fråver og lengda på tilsetjingane. Dette er område dei fleste verksemdsleiarar ynskjer gode resultat på. Og noko ein kan strebe etter i alle typar bedrifter og organisasjonar.

Realiteten i norske bedrifter er at berre 20% av arbeidsstokken i Noreg er i kategorien høgt engasjerte. Kategorien høgt engasjert betyr at dei tilsette har motivasjonsgiret på, er dedikerte, involverte, entusiastiske til arbeidet og ser etter nye og betre måtar å oppnå resultat for bedrifta på.

Kvar klok leiar veit at ein skapar resultat gjennom sine medarbeidarar.

Å innføre vitenskapleg beviste teknikkar frå blant anna positiv psykologi, motivasjon, nevrovitskap og organisasjonsforsking vil gi di bedrift ein konkurransefordel, tiltrekke deg dyktig arbeidskraft og skape ein vinn-vinn-situasjon for både bedrift, leiar og tilsette. Tilsette vil trivast på jobben, kjenne meining, få auka motivasjon, og vil vere på den arbeidsplassen.

Ynskjer du å få vite meir om kva forskninga seier er nøkkelen til tilsette sin motivasjon og arbeidsengasjement og lære korleis DU kan legge til rette for forbetra kommunikasjon, auka trivsel og betre samhald på arbeidsplassen? Samtidig som du får innblikk i dine eigne styrker og korleis ditt eige tankesett påverkar di handlingsrekkevidde som leiar. Då er dette kurset noko for deg!

Bli ein leiar som skaper ein arbeidsplass som vinn i konkurransen om dei beste hovuda, forbetrar di bedrift sin posisjon i marknaden, - og samtidig aukar motivasjon og trivsel på arbeidsplassen!

Kom på kurs i naturskjønne Geiranger 17.-19. september!

Passar for alle typar leiarar og HR-personale.

220310105818-Dr.-Merethe-Dronnen.jpg

Om Merete Drønnen

Merethe Drønnen har ein Ph.D. i Organisasjonsleiing og er ein av Noregs fremste spesialistar på positiv psykologi i leiing. Ho arbeider i dag som førsteamanuensis II ved Handelshøgskulen, Universitetet i Tromsø, samt i sitt eige firma Positive Change International.

Merethe er ein nasjonal og internasjonal forfattar, den siste boka Positive Leadership vart gitt ut på Springer International New York i september 2022. Den norske utgåva av Positivt Leiarskap blir i dag nytta som pensum på leiingstudiar ved fleire universitet i Noreg.

Merethe har arbeidd i over 20 år som personalsjef, pedagogisk- psykologisk rådgjevar, teamleiar og førsteamanuensis. Ho har vore hovudtalar og presentert eigen og nyare forsking på store internasjonale konferansar innan positiv psykologi. Merethe har også gjennom fleire år halde kurs, førelesingar og seminar innan leiing, positiv psykologi og motivasjon. Merethe brenn for å inspirere menneske og organisasjonar til positiv endring og til å fungere på sitt beste. Gjennom ein forskingsbasert tilnærming frå positiv psykologi, leiing, nevrovitskap og motivasjonsteoriar presenterer 

Merethe kunnskap og praktiske teknikkar til bruk i kvardagens arbeidsliv.

Pakkepris 17.-19. September.

 Prisen inkluderer:
- Foredrag.
- Frukost, lunsj og middag.
- Overnatting 2 døgn.
- Inngang Union Bad & Spa.

Totalpris kr. 15.000,- per person i enkeltrom.



Lederkurs4.jpg