Bli med på ei stemningsfull hausthelg i fjordlandskapet – med konsertoppleving i særklasse og smakar frå Sørstatene.
Hausten i Geiranger er noko heilt spesielt. Fargane tek til å gløde i fjellsidene, lufta er krisp og klar – og helga 24.-26. oktober inviterer vi til hausthelg og konsert med Paal Flaata laurdag 25. oktober. Med si særprega stemme og sterke formidlingsevne har Flaata rørt publikum i mange år. Konserten blir ei nær og vakker reise gjennom låtar som ber preg av både americana, country og soul – i ekte Flaata-stil.
Om Paal Flaata
Gjennom ei platekarriere som strekkjer seg over meir enn 25 år – dei siste 20 av dei som soloartist – har Paal Flaata forundra omverda med ei stemme som knapt verkar å høyre heime på denne planeten.
Paal er ein av dei mest turnerande artistane her i landet, og saman med pianist og produsent Gøran Grini har han stått på dei fleste norske scenene gjennom dei siste 20 åra.
I 10 år fronta Paal Flaata bandet Midnight Choir, og med si mektige stemme sette han gruppa på det europeiske musikkartet. I løpet av desse åra rakk Midnight Choir å gi ut fem studioalbum og to samlealbum. I 1998 vann dei Spellemannsprisen for plata Amsterdam Stranded.
Som soloartist har Flaata gitt ut følgjande album:
In Demand (2002) – Rain (2005) – Christmas Island (2007) – Old Angel Midnight (2008) – Wait By The Fire (2012) – Bless Us All (2014) – Come Tomorrow (2016) – Love And Rain (2017) – New Green Grass Will Grow (2022) – I Heard The Bells On Christmas Day (2023).
Smakar frå Sørstatane – Mississippi & Tennessee
Denne helga inviterer vi til ei kulinarisk reise gjennom hjartet av sørstatane i Amerika. Vi hentar fram dei magiske, rike smakane frå soul food-tradisjonen og kombinerer dei med våre fantastiske, lokale råvarer.
På buffeten finn du varme og kraftfulle rettar frå grill, smoker og andre varmekjelder – alt for å gi den autentiske smaken av sør. Vi byr òg på friske, kalde innslag, fargerike salatar og sjølvsagt søte freistingar som set prikken over i-en.
Ei helg med varme smakar, ekte sørstatsstemning og ein smakfull miks av sjø og land.
Konserten er inkludert i opphaldet for alle gjester som bur på hotellet.