Jula er tida for å samlast, feire og skape gode minner – og ingen stad er betre til dette enn Hotel Union, midt i det spektakulære landskapet ved Geirangerfjorden. Her kombinerer vi tradisjonell julemat med moderne smak, lun atmosfære og magisk natur som ramme.
Enten du kjem med kollegaer, vener eller familie, sørgjer vi for ei uforgløymeleg julefeiring fylt med hygge, god mat og spennande aktivitetar for både store og små. La oss ta hand om detaljane – medan du berre kan nyte den ekte roa og julestemninga.
Kvar fredag og laurdag i perioden 14. november - 13. desember inviterer vi til Unions julebord. Meir informasjon om program vil bli lagt ut innen kort tid.
Unions julebord
Det populære julebordet vårt byr på ein rikhaldig buffet med det beste frå norske juletradisjonar blanda med nye og moderne smakar. Nyt saftig ribbe med sprø svor, dampa pinnekjøt, lutefisk og eit innhaldsrikt koldtbord.
Dei dyktige konditorene våre tryller fram dei flottaste kaker og desserter til den store dessertbufifeten, inkludert riskrem, karamellpudding og andre søtsaker som høyrer jula til!
Julebordet vårt er laga frå grunnen av med omtanke og stoltheit. Her møter tradisjonane nye smakar gjennom spennande kombinasjonar av lokale råvarer og klassiske julerettar.
Bålkos
Velkomen til ei stemningsfull stund rundt bålpanna ute i hotellhagen. Grill pølser eller marshmellows på bålet, og kanskje kjem nissen? Gjeld kvar laurdag i julebordssesongen.
Historieforteljing i veteranbilgarasjen
Filmframsyning i veteranbilgarasjen - høyr Karl Mjelva fortelje historia om veteranbilane, Geirangerbygda og hotellet. Gjeld kvar helg.
Julekonsert & aperitiff
Kvar laurdag i julebordsperioden inviterer vi til ein stemningsfull julekonsert med lokale artistar ved peisen i foajeen.
Union Bad & Spa
Nyt ei avslappande stund i Union Spa! Start helga tidleg med ein spadag. Len deg tilbake i godstolen og nyt utsikta, eller kva med ei velgjerande spabehandling med ein av dei dyktige terapeutane våre? Nyt blåtimen og stjernehimmelen i det oppvarma utandørsbassenget vårt.
Inngang til Union Bad er inkludert i opphaldet. Dagspass Union Spa kr. 400,- pr. person. Ettermiddagspass kr. 250,-.
Hotel Union Geiranger er kjent for si varme atmosfære. Frå midten av november blir hotellet og Geirangerbygda forvandla til eit vintereventyr med vakker julepynt, glitrende lys og fyr på peisen. Utsikta over den majestetiske Geirangerfjorden og snødekte fjell set ramma for ei magisk julestemning.
Gjer opphaldet komplett med eit velgjerande besøk i Union Bad&Spa. Len deg tilbake i godstolen og nyt utsikta, eller kva med eit bad i det oppvarma utandørsbassenget under stjernehimmelen?
Anten du planlegg eit julebord for bedrifta, vennegjengen eller storfamilien så har vi løysingar som passer for deg. Dei dyktige selgarane våre står klare til å skreddersy arrangementet etter dine behov, så ta kontakt for å starte planlegginga!
Velkommen til ei stemningsfull førjulstid i vakre Geiranger!