Bli med på ei stemningsfull hausthelg i fjordlandskapet – med konsertoppleving i særklasse.
Hausten i Geiranger er noko heilt spesielt. Fargane tek til å gløde i fjellsidene, lufta er krisp og klar – og helga 24.-26. oktober inviterer vi til hausthelg og konsert med Paal Flaata laurdag 25. oktober. Med si særprega stemme og sterke formidlingsevne har Flaata rørt publikum i mange år. Konserten blir ei nær og vakker reise gjennom låtar som ber preg av både americana, country og soul – i ekte Flaata-stil.
Om Paal Flaata
Gjennom ei platekarriere som strekkjer seg over meir enn 25 år – dei siste 20 av dei som soloartist – har Paal Flaata forundra omverda med ei stemme som knapt verkar å høyre heime på denne planeten.
Paal er ein av dei mest turnerande artistane her i landet, og saman med pianist og produsent Gøran Grini har han stått på dei fleste norske scenene gjennom dei siste 20 åra.
I 10 år fronta Paal Flaata bandet Midnight Choir, og med si mektige stemme sette han gruppa på det europeiske musikkartet. I løpet av desse åra rakk Midnight Choir å gi ut fem studioalbum og to samlealbum. I 1998 vann dei Spellemannsprisen for plata Amsterdam Stranded.
Som soloartist har Flaata gitt ut følgjande album:
In Demand (2002) – Rain (2005) – Christmas Island (2007) – Old Angel Midnight (2008) – Wait By The Fire (2012) – Bless Us All (2014) – Come Tomorrow (2016) – Love And Rain (2017) – New Green Grass Will Grow (2022) – I Heard The Bells On Christmas Day (2023).