27. september - 13. oktober

Haustferie

Haustferien på Hotel Union er eit høgdepunkt for mange barnefamilier. Opplev Geiranger i haustfargar. På hotellet byr vi på mange spennande aktivitetar – barnedisco, aktivitetsrom, leikerom, leik og moro i bassenget. Under har vi samla ei oversikt over ulike aktivitetar og opplevingar som Geiranger og vi på hotellet har å by på.

Program og meir informasjon om aktivitetar vil bli lagt ut etterkvart!


Aktivitetar for heile familien 

Union Bad & Spa

Alle gjester som bur på hotellet har fri tilgang til Union Bad. Her kan både små og store kose seg med oppvarma innandørs- og utandørsbasseng, barnebasseng, sauna og deilige liggestolar til å kvile seg i mellom slaga. Len deg tilbake og nyt varmen frå peisen eller. 

Inngang i Union Spa kostar 400,- per person for gjester som bur på hotellet. Det er 18 års aldersgrense (16 år i følge med ein vaksen). Her kan dei vaksne trekke seg litt tilbake og samle ny energi. Her finn du mellom anna ei stor relaxavdeling, sauna, steambadstu, japansk varmebad, opplevingsdusjar og fotbad. Ønskjer du å toppe det heile med ei velgjerande spabehandling så finn du spamenyen og meir informasjon om Union Spa her.

Barnedisco, rebusløp, aktivitetsrom og leikerom Kvar kveld inviterer husbandet vårt til barnedisco i dansesalen i underetasjen. Det blir dans, karaoke, leik og moro. Vi har aktivitetsrom i kjellaren med mellom anna biljard og bordtennis, leikerom i 3. etasje med ballbinge og klatrestativ. I haustferievekene set vi opp rebusløp både innandørs og utandørs med premiering. Desse aktivitetene er inkludert i opphaldet for gjester som bur på hotellet.

_TMO0994_E_red.jpg

Familiebuffet

Kvar kveld byr vi på familiebuffet med middagsrettar som kan friste både små og store. Avslutt eit godt måltid med ein deilig dessert eller litt is frå den fristande dessertbuffeten.

Fjordservice.jpg

Geiranger Fjordservice

Geiranger Fjordservice tilbyr ulike aktivitetar og opplevingar samt utleige av utstyr. Daglege avgangar med sightseeingbåt og fjordsafari med rib. Kombiner ein sightseeingtur på fjorden med ein tur opp til fjordgarden Skageflå. Det er og mogleg å leige elsykkel og kajakk. For meir informasjon om ulike aktivitetar sjå www.geirangerfjord.no 

Norsk Fjordsenter

Vis á vis hotellet finn du Norsk Fjordsenter. Ope kvar dag. Spennande og lærerike utstillingar om geologi, natur, landskap og lokalhistorie. Eige aktivitetsrom for born. Dei tilbyr også guida omvisning på senteret og ulike aktiviteter for grupper. For meir informasjon sjå www.fjordsenter.com.

explore.jpg

Explore Geiranger

I gåvstand frå hotellet finn du naturparken til Explore Geiranger. Her kan du prøve både zipline, via ferrata og rappellering. For meir informasjon sjå www.exploregeiranger.no.

fjelltur.jpg

Fjellturar

Hausten er ei fin tid for turar i fjellet og Geiranger har eit stort spekter av turar å by på. Turane er godt merka, skilta og tilrettelagt, og det er utarbeidd eigne turkart. Alle turane er familievenlege og byr på fantastisk utsikt både undervegs og når målet er nådd. Våre topp tre turar å anbefale er Skageflå, Vesterås og Vesteråsfjellet, samt Storsæterfossen. Her kan du lese om fleire turar. Ønskjer du litt større utfordringar så kan vi anbefale topptur til Vinsåshornet, Laushornet eller Geitfonnegga. 

fossevandring.jpg

Fossevandring og Geiranger sentrum

Gå den populære Fossevandringa ned langs elva til fjorden. Her kjem du tett på den mektige Geirangerelva med flotte fotopunkt undervegs. Nede i sentrum finn du butikkar og kafear/restaurantar. 

Dagsutflukter

I tillegg til alt dette så er det kort veg frå Geiranger til ei rekke populære attraksjonar – feks Stryn, Loen, Olden, Gudbrandsjuvet og Trollstigen. For meir informasjon om aktivitetar og opplevingar i området sjå https://www.fjordnorway.com/no/destinasjoner/alesund--geiranger

Bestill opphald