Raudebuda

Raudebuda er ein koseleg liten kafé vis a vis hotellet. Her får du mellom anna servert nysteikte sveler, is, wraps og pizza, i tillegg til både varme og kalde drikker. 

Westerås Gard

Westerås Gard ligg på ei fjellhylle rett ovanfor hotellet. Den gamle låven er omgjort til restaurant. Her får du servert gode middagar og lunsjretter, samt vaflar, kaffi og is. Open kun i sommarhalvåret. Vesterås er og eit flott utgangspunkt for turar i området, og vi kan varmt anbefale å gå turstien som startar rett ved hotellet og opp til garden. 

Foto: Ása Steinarsdottir

Brasserie Posten

Brasserie Posten ligg idyllisk til ved fjordkanten i Geiranger sentrum, i det gamle posthuset. Her får du servert både lunsj- og middagsretter laga frå grunnen av. Ope store deler av året (variable opningstider i lavsesong). 

Olebuda

Restaurant Olebuda ligg midt i gågata i Geiranger sentrum. Sommarrestaurant som er open frå slutten av mai til slutten av august. Stor flott utandørsservering. 

Café Olé

Café Olé ligg i samme huset rom restaurant Olebuda midt i gågata i Geiranger. Ein koseleg kafé der du får servert mellom anna smørbrød, boller og kaker, samt eit rikt utval av varme og kalde drikker. Ope heile året. 

Berserk

Berserk bar & grill ligg midt i gågata i Geiranger sentrum. Ope i sommarmånadane. 

Foto: Berserk

Fiskekaka

Fiskekaka ligg i gågata i Geiranger sentrum og her får du servert nydelege steinbitkaker, handlaga på Sunnmøre. Ope i sommarmånadane. (Kun take away)

Foto: Fiskekaka

Geiranger Brygge

Serveringsstad i eit av dei gamle nausta med flott utandørsservering heilt nede ved fjorden. Ope i sommarmånadane. Kun drikkeservering.

Foto: Camilla Rønneberg