11. juli 2023

Topp 10 opplevingar i Geiranger om sommaren

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO4463_red.jpg


1. Union Bad & Spa

Eit besøk i Union Bad & Spa anbefalast uansett årstid og ver! På solrike dagar er det få ting som er betre enn å slappe av i ei av solsengene i hagen vår. Skulle du vere uheldig med veret under besøket ditt i Geiranger så anbefalar vi å nyte dagen i Union Spa. Her kan du slappe av, kjenne varmen frå peisen og lene deg godt tilbake ei ein av dei gode lenestolane. Nyt ein god lunsj ute i hagen eller inne i Kafé Løsta ved bassengavdelinga. For meir informasjon og bestilling av spabehandlingar sjå: https://www.hotelunion.no/spa/

hotel_union_geiranger_sommer_tonemolnes_2018_TMO9989.jpg

2. Besøk ein fjordgard
Turen opp til den kjende fjordgarden Skageflå er ein av dei mest kjende og populære fotturane i Geiranger - og det med god grunn! Utsikta når du kjem opp til garden er slåande vakker med panorama utsikt mot fjorden, fossefalla "Dei sju systrene" og fjordgarden Knivsflå. Du kan velge å gå tur/retur Geiranger - Skageflå, men den ruta vi anbefalar er å ta sightseeingbåt eller rib-båt ut til Skagehola, gå stien opp til garden, gå vidare over fjellet til Homlungsetra og vidare ned til Homlung og deretter tilbake til Geiranger sentrum. Dette er ein litt krevande tur på ca 3-4 timar. Det er og mogleg å besøke andre og litt mindre kjende fjordgardar - feks Knivsflå eller Blomberg, men ver obs på at alle desse gardane er i privat eige, så ha respekt for andre sin eigedom og pass på å ikkje forsøple! Ønskjer du tips til andre fjellturar du kan gå i Geiranger så har vi samla våre beste tips her: https://www.hotelunion.no/arti...

hotel_union_geiranger_høst_tonemolnes_2018_TMO3949.jpg

3. Fosseråsa - Noregs første nasjonale turiststi
"Fosseråsa" var den første turstien i Noreg som fekk status som "Nasjonal turiststi". Du kan velge om du vil starte turen heilt nede ved fjorden og gå opp "Fossevandringa" langs den spektakulære Storfossen eller om du vil starte frå hotellet. Turen går vidare opp "Mørkja" til Vesterås gard (startpunkt ved enden av parkeringsplassen utanfor hotellet). Følg skiltinga vidare til Storsæterfossen. Turen frå hotellet og opp til Storsæterfossen vil ta ca 1,5 t. Vel framme ved Storsæterfossen kan du velge å gå steintrappa ned og bak sjølve fossefallet! Eit must å ta ein selfie med fossen i bakgrunnen

image-asset.jpg

4. Sightseeingtur på fjorden
Sightseeingtur på Geirangerfjorden er eit absolutt must når du besøker Geiranger. Kom tett på dei kjende fossefalla "Dei sju søstrene", "Friaren" og "Brudesløret", og høyr historier om folket som budde på gardane langs fjorden. Vel mellom sightseeingtur med MS Geirangerfjord eller ein actionfylt ribtur med høg fart.  For meir informasjon sjå https://www.geirangerfjord.no.

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO3124.jpg

5. Topptur med bil
Ta turen opp til Geiranger Skywalk Dalsnibba 1500 meter over havet. Det er bilveg heile vegen opp, og oppe på toppen finn du eit spektakulært utsiktspunkt med panoramautsikt over fjell og fjord. Her finn du og ein butikk og kafé der du kan setje deg ned å nyte utsikta med ein kopp kaffi og noko å bite i. For meir informasjon sjå www.dalsnibba.no. PS: På solrike dagar kan vi varmt anbefale å reise opp til toppen av Dalsnibba og oppleve solnedgangen! Eit vakkert skue!

DJI_0250.jpg

6. Zipline og Via ferrata
Er du på jakt etter litt action og adrenalin så anbefaler vi eit besøk i naturparken til Explore Geiranger. Her kan du prøve zipline og via ferrata langs Geirangerelva, og ønskjer du det enda luftigare så tilbyr dei også rappellering frå Flydalsjuvet! For meir informasjon sjå www.exploregeiranger.no

hotel_union_geiranger_sommer_tonemolnes_2018_TMO8828.jpg

7. Padle kajakk på Geirangerfjorden
Ein padletur på Geirangerfjorden er kanskje den aller beste måten du kan oppleve fjorden på. Her kjem du verkeleg tett på naturen medan du padlar stille ut fjorden. Geiranger Fjordservice tilbyr både kajakkutleige og guida kajakkturer. For meir informasjon sjå https://www.geirangerfjord.no/...

Westerås.jpg

8. Vafler med utsikt
Ta turen opp til Vesterås gard (vi anbefaler å gå stien opp frå hotellet ca. 20-30 min). Oppe på garden finn du ein koseleg restaurant i den gamle løa der du får servert både lunsj- og middagsretter, samt verdas beste vafler med salt karamellsaus og is! Er det fint vér kan du sitte ute på uteserveringa og nyte utsikta. Ønskjer du å gå litt lenger så kan vi varmt anbefale å ta turen vidare ut til Vesteråsfjellet eller Løsta. To flotte utsiktspunkt med panoramautsikt over fjorden. Hugs å helse på geitene og lamaene på vegen!

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO4075.jpg

9. Fossevandring & Norsk Fjordsenter
Gå den spektakulære Fossevandringa frå hotellet ned til sentrum. Legg turen innom Norsk Fjordsenter og lær meir om verdsarven, lokal historie, natur og landskapsformer.  Her kan du gå i koselige butikkar, besøke Geiranger Galleri og nyte ein god lunsj eller middag i ein av restaurantane. Hugs å stoppe innom Geiranger Sjokolade for ein smakfull souvenir

hotel_union_geiranger_var_tonemolnes_2018_TMO3551.jpg

10. Utforsk Geiranger med ein Twizy
Ein kul og morosam måte å utforske Geiranger på er å leige ein elektrisk Twizy! Ein liten rar elbil med to seter. Her får du audio guiding slik at du kan lære meir om Geiranger undervegs. For meir informasjon sjå www.emob.no. Hugs å stoppe å ta ein selfie på dei mest kjende fotopunkta - Ørnesvingen og Flydalsjuvet!