Loungebar og pizza take away

I loungebaren vår i 1. etasje får du servert pizza og forfriskningar. Det er også mogleg å bestille pizza take away til å ta med på rommet, opp i hagen eller ut på tur. 

Restaurant Fjorden

Restaurant Fjorden er hovudrestauranten vår. Her får du servert både frukost, lunsj og middag. Både til frukost og middag er det buffet med eit rikt utval av varme og kalde retter. 

I sommarsesongen blir frukosten servert frå 06.45-10.00, og søndag frå kl. 06.45-10.30.
Middag blir servert frå kl. 18.30 - 21.00.

Restaurant Julie

I Brasserie Julie får du servert enkle lunsjrettar med salatar og smørbrød. Du får også servert ein bedre middag med eit godt utval av forrettar, hovudrettar og dessert. Menyen varierer vi ut frå sesong og råvarer, og vi nyttar dei beste norske råvarene. Brasserie Julie finn du i 1. etasje ved restaurant Fjorden.

Kafé Løsta og hagen

I 3. etasje ved basseng avdelinga finn du Kafé Løsta. Her får du servert enkle lunsjretter og andre forfriskninger. Om sommaren er det flott å nyte ein god lunsj ute i hagen med utsikt over Geirangerfjorden.

Bankett

Vi har flotte selskapslokaler tilpassa både små og store arrangement. Det vere seg store bankettar med 400 gjester eller små intime selskap og jubileer.

Mollaløa selskapslokale

Mollaløa er ei gammal, rustikk løe som står i hotellhagen. Her kan vi tilby ei stemningsfull matoppleving i særeigne omgivnadar for grupper. Kontakt oss for å reservere Mollaløa selskapslokale.

Vinsmaking

Mørke, fred, ro, rett fuktnivå og temperatur. Vin er vitskap. Vår profesjonelle vinkelner deler kunnskap om smakar og lukter, produsentar og årgangar, lagring og nyting. Vinsmaking blir kun tilbudt på førespurnad og ikkje i sommarmånadane.