NO EN

Harmoni og velvære veks fram innanfrå. Fred, ro, vatn og urter reinsar kropp og sjel, og kan gi deg den gode kjensla av å vere nøgd. Både sjølve spa-behandlinga, romma det skjer i og nærleiken til naturen utanfor tek deg ut av kvardagen ei stund. 

Vi har lagt alt til rette for at du skal få ei real, sanseleg oppleving – den gode stunda. Ved å ta behandlingar som kostar frå kr 940,- er det gratis inngang i Spa.


Geiranger signaturbehandlingar

Hamam
50 minutt tyrkisk hamamritual: kr 990,-
Hamam er eit tradisjonsrikt ritual for reinsing, som ei reise der du kan gløyme både tid og stad. Du ligg på ei varm steinplate i så fuktige omgivnader som er mogleg. Varme, damp, skum, lukter og massasje utrettar små mirakel og spelar på alle sansane. Etter behandlinga byd vi på eplete i eige rom. Ritualet passar like godt åleine som saman med din kjære eller ein ven.

Westerås
85 minutt spesialbehandling: kr 1410,-
Vi har laga ei harmonisk og balansert behandling med massasje, ansiktsreins og bruk av varme steinar. Nyt ei stille stund i sanselege omgivnader.


Massasje

Knuten
25 minutt massasje: kr 470,-
Knuten er eit uvanleg byggverk på den opphavlege Geirangervegen frå 1889 og blir framleis settpå som stor ingeniørkunst. Etter lange økter inne eller ute kan du slappe ekstra godt av med saligmuskelmassasje av rygg, nakke eller føter. Slikt gir meir energi og ein retteleg opptur.

Ørnesvingen
50 minutt massasje: kr 940,-
Ørnesvingen med panoramautsikt over Geiranger­orden og ­ella rundt er utsiktspunktet du ikkje må gå glipp av. Med full kroppsmassasje har du også utsikter til toppen av all velvære. Mjuke, rytmiske rørsler og godluktande oljer løyser opp muskelspenningar og frigjer energi. Dette er ein time investering i god mental helse.

Øvst oppe
25 minutt massasje: kr 470,-
Denne behandlinga tek presset bort frå skuldrer, hovud og ansikt. Lat tankane flƒyte, slapp heilt av og nyt alle dei mjuke rørslene.

Lengst nede
25 minutt massasje: kr 470,-
Dei svake punkta på kroppen merkar du godt når du står oppreist. Massasje på slitne turføter utrettar små mirakel og gir ny balanse og energi.

Dei sju systrene
25 minutt massasje: kr 470,-
50 minutt massasje: kr 940,-
Av alle kjende fossar i Geiranger er Dei sju systrene mest vidgjetne. Fallhøgda er 300 meter, og namnet fekk fossen fordi falla på avstand liknar håret til sju kvinner. Ønskjer du massasje, men er usikker på kva du bør velje, gler vi oss til å skreddarsy ei heilt spesiell behandling for deg. Vi set saman nettopp det du treng, her og no.

Laushornet
85 minutt steinmassasje: kr 1410,-
Det mektige ­ellet Laushornet stikk 1500 meter over Geiranger­orden. Både på denne og andre toppar ventar eventyrlege stunder. Vi byd på vedunderleg steinmassasje med varme steinar, rytmiske rørsler og aromatiske oljer som får både musklar, hud og sansar til å kople heilt ut. Med på kjøpet får du energi frå den norske ­ellheimen.


Ansiktsbehandlingar

Dalsnibba
25 minutt ansiktspleie: kr 470,-
Fjelltoppen med same namnet ragar 1500 meter over Geirangerorden, og utsynet der oppe frå er fantastisk. Denne behandlinga er også eit høgdepunkt i Geiranger –  n som avkopling i pausen eller etter konferansen. Mild reins med frisk etterbehandling basert på aktive konsentrat som fuktar og roar huda. Ein e‡ektiv oppkvikkar.

Flydalsjuvet
40 minutt ansiktspleie: kr 650,-
Eit av dei mest spektakulære utsyna i Geiranger kan du frå Flydalsjuvet. Viss du vil, kan også augepartiet ditt bli eit syn verdt. Vi retter augnebryna, fornyar fargen på bryn og vipper, og avsluttar med frisk reins.

Brudesløret
55 minutt ansiktspleie: kr 940,-
Ein av dei mest kjende fossane i Geiranger heiter Brudesløret. Vatn blir kasta utfor fjellet og treffer‡ fjorden 300 meter lenger nede som lett yr. Denne behandlinga inneheld eit herleg ritual med velgjerande fukt og ingrediensar frå naturen. Ansiktet får ei frisk og balansert kjensle av velvære, og behandlinga tilpassar vi hudtypen din.

Friaren
55 minutt ansiktspleie: kr 940,-
Friaren er ein vakker og mykje fotografert foss i Geiranger. Segna vil ha det til at Friaren prøvde seg på Dei sju systrene på andre sida av orden – til inga nytte. Vår friar er ei ansiktspleie som passar til menns spesielle hudtype. Prosessen djupreinsar, set fart i blodsirkulasjonen, fuktar og stramar huda, og gir den same  fine gløden som du får utandørs i frisk fjordluft.

Djupgjelet
85 minutt ansiktspleie: kr 1410,-
Historia frå Geiranger om jordmorruta langs den bratte og rasfarlege fjellveggen forbi Djupgjelet er godt kjend. Vi har gitt den mest eff‡ektive ansiktspleia vår namn etter dette fjellpasset. Aktive ingrediensar frå naturen fuktar huda, gjer den mest elastisk og verkar oppstramande. Vi lovar ei komplett avkopling for hud og sinn, og frisk, naturleg glød.

Kniven
85 minutt ansiktspleie: kr 1410,-
Kniven er det karakteristiske fjellet der Dei sju systrene fossar nedover. Inspirert av ellveggen har vi sett saman ein kur som går djupt ned og e‡ektivt reinsar bort døde hudceller ved hjelp av ei oppstramande maske av enzymar. Huda blir som ny, og ernar ekker og ureine parti. Passar for både kvinner og menn.


Kroppsbehandlingar

Fjellvandrardraumen
30 minutt kroppsinnpakking: kr 650,-
Å liggje heilt avslappa, med den gode kjensla av intens stille, er det beste kroppen kan få etter ein dag på vandring. Innpakka i ei herleg blanding av frukter, urter, algar eller mineral som alle verkar oppfriskande på hud og kropp, yt du behageleg på ei seng av varmt vatn og velvære. Etterpå kan du pakke deg inn i mjuke handklede, og nyte roa i avslappingssona på hotellet.

Skageflå
20 minutt skrubb: kr 450,-
Fjellgarden Skageå har husa kongelege og kvardagsslitarar, der han ligg på ei ellhylle høgt over Geirangerorden. I denne behandlinga djupreinsar vi huda og fjernar alt uhumskt med ei blanding av salt, frukter eller urter frå naturen. Essensielle oljer masserer og stimulerer blodsirkulasjonen i huda som grunnlag for ei nærande kroppsbehandling som gjer deg mjuk og klar for kva behandling som helst.

Knivsflå
30 minutt organisk kroppsritual: kr 400,-
Den vakre garden Knivsflå ligg i bratta, tett inntil fossefallet Dei sju systrene. Nettopp vatn er temaet i dette herlege dampbadet, åleine, med din kjære eller med inntil tre vener. Serail kallar vi denne behandlinga med ei maske med næringsrike mineral som verkar ekstra godt i dampbadet, og med ein varm dusj som gjer ekstra godt til slutt. Friskare blir det ikkje!

Fjorddykk
50 minutt kroppsinnpakking: kr 940,-
Knapt noko er så stimulerande ein varm sommardag som å stupe ned i Geirangerorden, og symje rundt under fjella, midt i verdsarven. Alger er avgiftande, drenerande og reinsar. I denne behandlinga får du først ein oppkvikkande skrubb med salt, deretter ei algeinnpakking som aktiverer huda, stimulerer blodomløpet og er oppstramande. Du føler deg ekstra lett og frisk før kvelden.


Hand- og fotpleie

Geiranger spa manikyr
50 minutt manikyr: kr 940,-
Vi tek ekstra god hand om deg med eit bad, mild skrubb, maske, neglepleie, handmassasje og neglelakk.

Geiranger spa pedikyr
50 minutt pedikyr: kr 940,-
Etter ein lang og aktiv dag fortener føtene berre det beste. Negler og føter blir stelt med eit deilig bad, skrubb, neglelakk og mjuke, velgjerande kremar. Dette gir ny energi frå topp til tå.

Geiranger spa manikyr eller pedikyr
Med Shellack – 75 min: kr 1410,-

Farge og hårfjerning

Farge på vipper: kr 250,-
Farge på bryn: kr 250,-
Varsam voksbehandling av bryn: kr 250,-
Varsam voksbehandling av overleppe: kr 250,-
Varsam voksbehandling av hake: kr 250,-

Desse behandlingane må kombinerast med ei av ansiktsbehandlingane våre.
Varsam voksbehandling av bikinilinje eller underarm: kr 350,-
Varsam voksbehandling av leggar: kr 350,-
Varsam voksbehandling av lår: kr 350,-
Varsam voksbehandling av rygg: kr 350,-
Farge på vipper og bryn, retting av bryn: kr 350,-
Forming og farging av bryn: kr 350,-


Make-up

Geiranger make-up
55 minutt: kr 710,-
25 minutt: kr 420,-
Vi klargjer huda før vi legg på make-up for dag- eller kveldsbruk, og får fram den naturlege gløden.


Gravid

Nokre av behandlingane i spamenyen skal ein vere forsiktig å ta når ein er gravid. Dette gjeld spesielt dei varme behandlingane og dei som drenerer.

Behandlingar som gjer godt for den gravide
Massasjen øvst oppe
Massasjen lengst nede
Ansiktsbehandlingar
Hand- og fotpleie

I ventetida
50 minutt kroppspleie: kr 940,-
Alle veit at graviditeten gir mange og ulike behov. Eit av dei er å bli tatt ekstra godt vare på. Vi har satt saman ei oppleving av berøring, avslapping og vatn som vi veit vil gjere deg godt. Hensikta er å få kroppen i harmonisk balanse til beste for deg og babyen.

Gravidmassasje
50 minutt massasje: kr 940,-
For deg som er gravid kan litt muskelavspenning gjere godt. Snakk med terapeuten din og få tilpassa dine behov. Dette fortener du!


Kombinasjonspakkar

For mannen - kr 3090,- per person
Inngang Spa, hamam (50 min.), Ørnesvingen (50 min.), Friaren (55 min.), Geiranger Spa pedikyr (50 min.), Snack.

For kvinna - 3090,- per person
Inngang Spa, hamam (50 min.), Ørnesvingen (50 min.), Brudesløret (55 min.), Geiranger Spa pedikyr (50 min.), Snack.

For gode vener - kr 790,- per person
Inngang Spa, Knivsflå (30 min.), Knuten (25 min.), Snack.

For 2 - kr 1690,- per person
Inngang Spa, Hamam (50 min.), Ørnesvingen (50 min.), Snack.


Spesialbehandlingar

Thaimassasje

Basic (50 min.) - kr 990,-
Inkl. urtekompresser (85 min.) - kr 1460,-

Beautyspecials

Vippeextensions
Nytt sett klassiske - kr 1500,-
Nytt sett volum - kr 1800,-
Påfyll - fra kr 750,-

Shellack
Lett stell av negler (50 min.) - kr 840,-
Manikyr med Shellack - kr 1410,-
Pedikyr med Shellack - kr 1410,-


Opningstider

Union Spa: 09:00 – 20:00 
Union Bad: 06:00 – 23:00
Kafé Løsta: 12:00 – 19:00