Tilrettelagd

Tilrettelagd

Vi ønskjer at alle skal nyte eit opphald hos oss. Rom og fasilitetar er tilrettelagd for personar med nedsatt bevegelsesevne.

Førarhund

Førarhund

Har du behov for førarhund er denne sjølvsagt også velkommen hos oss.

Parkering

Parkering

Vi har HC-parkering rett utanfor hovudinngangen og rampe inn til resepsjonen.

Du er hjarteleg velkomen til spa-avdelinga med rullestol. 


Garderober/toalett
Vi har romslege garderober med tilrettelagd dusj og HC-toalett, samt HC-toalett i både våtromsdel og relax-avdeling (3. og 4. etg.)

Heis
Spa-avdelinga har heis, slik at du enkelt kan kome deg hit med rullestol. Du kan også nytte heisa når du flyttar deg mellom våtromsdelen i 3. etg. og relax-avdelinga i 4. etg.

Sauna, varmebad, steambad
Varmebadet har ei lita trapp med rekkverk. Det er mogleg å kome heilt fram til denne med rullestol. Varmebadet har dessverre ikkje rampe eller heis. Steambad og sauna i spa-avdelinga kan vere vanskeleg å bruke med rullestol.

Relax-avdeling
Heile relax-avdelinga er tilgjengeleg med rullestol.

Behandlingsrom
Behandlingsromma ligg i 4. etg., ved relax-avdelinga. Vi har justerbare behandlingsbenkar, som vi justerer opp og ned etter ditt behov. HC-toalett ved behandlingsrom, samt tilgang til heis.

Kafé Løsta
Kafé Løsta ligg rett ved Union Bad & Spa, og er lett tilgjengeleg for badegjestar - også med rullestol. 


I bassengområdet er det mindre tilpassa for rullestol. Ved å kontakte Spa-resepsjonen kan du nytte tilpassa garderobe med tilrettelagd dusj og HC-toalett. Desse garderobene er like ved bassengområdet. Bassenget har ikkje rampe eller heis. Om mogleg kan du nytte trapp med gelender for å kome ned i bassenget. Sauna i bassengområdet er tilgjengeleg med rullestol. 


Kontakt kjøkkenet dersom du har matallergi eller andre spesielle behov: booking@hotelunion.no / +47 70 26 83 00

NB! Frå 1.1.2024 er det ikkje lenger tillatt å ha med hund eller andre dyr på hotellrommet. Unntak for førerhund i arbeid. 
Vi kan varmt anbefale å bruke Solhaug Hunde- og Kattehotell i Engesetdalen ved Skodje.