Vinterfjordcruise

Utvalde datoar frå november 2022 - mai 2023 tilbyr Geiranger Fjordservice fjordcruise frå Ålesund til Geiranger. Dette er ei spektakulær reise der du får oppleve majestetiske fjell, djupe fjorder og spektakulære fossefall. Ombord tilbyr dei guide som guider deg heile vegen inn til Geiranger med spennande historier frå livet langs fjordane. Returtidspunkt vel du sjølv så det er mogleg å kombinere med ei hotellovernatting i Geiranger, evt kan du ta båt inn og buss på retur til Ålesund. Kva med å kombinere turen med litt fjordromantikkspapakke eller ein seniorpakke?

Fjordcruise Ålesund-Geiranger

Opplev sjøvegen frå kyst til fjord. Frå eit ope landskap i Ålesund, til trange sund i Storfjorden og Geirangerfjorden. Dette er ein komfortabel tur med mange høgdepunkt. Nyt ein kopp kaffi, og finn roa ombord. Høyr historiene langs ruta med audioguide som inkluderer våre kjende, og litt mindre kjende opplevingar undervegs. Nyt tida i Geiranger med ein god lunsj, ein elsykkeltur, eller kanskje ein tur til Norsk Fjordsenter? Du kan også velje å bli i Geiranger til neste båtavgang til Ålesund. Du kan overnatte hos oss og verkeleg utforske Geiranger.

Fjordsightseeing

Den beste måten å oppleve Geirangerfjorden på er sjølvsagt sjøvegen! Sjå dei fråflytta fjordgardane og høyr dei fascinerande historiene om dei som budde der "ingen skulle tru at nokon kunne bu". Kom tett på fossane Dei sju søstre, Friaren og Brudesløret. Dette er naturen på sitt villaste og vakraste!

Båtservice Geiranger

Geiranger Båtservice tilbyr ei eineståande oppleving av Geiranger, verdsarvområdet og områda rundt frå sjøsida! Her kjem ein tett på naturen, fjordgardane og dei vakre fossefalla. Vel mellom eit fjordcruise på to timar, ein fisketur, eit cruise på fem timar som besøker tre verdsarvfjordar, eller andre transportoppdrag. Båten leggast privat og fleksibiliteten er stor!

Foto: Hyke Studio/Emobility AS

Besøk ein fjordgard

Geiranger er eit eldorado for den som er glad i å gå på tur. Vi har eit stort spekter av turar å by på, både korte og lengre turar, og dei fleste turane er godt merka. Spør oss gjerne om tips!

Fjordsafari

Opplev Geirangefjorden i full fart og frisk sjøsprøyt – ei altoppslukande oppleving av Geirangerfjorden på nært hald. Med open, hurtiggåande RIB-båt kjem du nærare den fantastiske naturen enn du trur er mogleg. Desse båtane går heilt inn til fossane og gjer fleire stopp undervegs, slik at du får oppleve dei mest kjende attraksjonane på svært nært hald. Hugs kamera!

Geiranger Skywalk

Europas høgste fjordutsikt frå bilveg – 1500 meter

Tenk deg at du står på ein fjelltopp, trekkjer inn frisk fjelluft og nyt utsikta over snødekte fjell, Unescos verdsarvsområde og Geirangerfjorden. Alt dette – og meir til – kan du få oppleve på Dalsnibba. Og veit du kva? Du treng ikkje gå eit einaste steg. Nyheit frå august 2021, større butikk og serveringslokale på toppen.

Explore Geiranger

Geiranger har ei skjult naturperle midt i sentrum! I naturparken kan du prøve deg på klatring langs Geirangerelva, balansering på nepalbruer og flyging over juv og fossefall. Alt saman i gåavstand fra hotellet.

Kajakk

Opplev Geirangerfjorden frå kajakk. Det er ein unik måte å oppleve fjorden på frå eit anna perspektiv! Du kan velge om du vil utforske fjorden på eiga hand eller med guide.

eMobility

Opplev Geiranger i små, rare elbilar, miljøvennlege Renault Twizy-bilar! Med GPS-basert lydguide. Du kan velje mellom mange opplevingsrike turar – du finn garantert ein som passar for deg!
Dei snakkande elbilane guidar deg rundt på dei spennande turane gjennom GPS-systemet i bilen.

Guida topptur

Kva med å oppleve verdsarvnaturen frå ein av fjelltoppane? Geiranger har mange toppturar å by på, og alle med spektakulær utsikt over bygda og fjorden! Vi samarbeidar med Uteguiden om å tilby guida toppturar, både sommar og vinter.

Norsk Fjordsenter

Norsk Fjordsenter er eit levande besøks- og formidlingssenter for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap – det einaste området i landet som står på den prestisjetunge verdsarvlista til UNESCO på grunn av naturverdiane. 

Geiranger Sjokolade

Visste du at Geiranger har sin eigen sjokoladefabrikk? Eit av dei gamle nausta i sentrum er omgjort til sjokolade fabrikk. Her produserast det handlaga sjokolade med spennande smakar som har vunne fleire internasjonale prisar. 

Utforsk Geiranger med el-sykkel

Vår samarbeidspartnar Geiranger Fjordservice tilbyr utleige av el-sykler. Sykle i ditt eget tempo med god hjelp frå sykkelen i motbakkane. Du kan velge om du vil utforske bygda på eigahand eller vere med på ein av dei guida turane som dei tilbyr. Dei har også turar som kombinerar sykkel med ein gåtur. 

Nasjonal Turistveg

Strekninga Geiranger-Trollstigen er ein av 18 Nasjonale turistvegar i Noreg. Strekninga byr på fleire spektakulære utsynspunkt! Les meir om strekninga ved å klikke på linken under. 

Foto: Jarle Wæhler/ Statens Vegvesen.