Lobbyen

Lobbyen har djupe, gode sofaer du kan sige ned i. Du finn små, rolege hjørne eller pulserande liv, om du vil ha det. Utsikta til fjella og Geirangerfjorden skapar ei flott ramme rundt salongen. Lobbybaren ligg ved resepsjonen og har 160 sitjeplassar.

Vinkjellar

Mørke, fred, ro, rett fuktnivå og temperatur. Vin er vitskap. Vår profesjonelle vinkelner deler kunnskap om smakar og lukter, produsentar og årgangar, lagring og nyting. 

Veteranbilsamling

Mange av bilane som vart nytta for å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet, er framleis i god stand. Ti av dei finnast i dagens samling, og vert framleis leigde ut med sjåfør.

Mollaløa selskapslokale

Mollaløa er ei gammal, rustikk løe som står i hotellhagen. Her kan vi tilby ei stemningsfull matoppleving i særeigne omgivnadar for grupper. Kontakt oss for å reservere Mollaløa selskapslokale.

Bad

I Union Bad kan ein slappe av og hyggje seg i fellesskap. Her finn du innandørs svømmebasseng og avslappingssoner med peis, sauna, samt utandørs terapibasseng med boblebad, massasjedyser og kobra.

Spa

Opplev Union Spa. Ta ei velfortent pause frå kvardagen. Kjenn varmen frå peisen, nyt stemninga, velværet og roa. Alle behandlingane våre vil gjere deg godt – finn den som freistar mest.