13. - 22. februar
Vinterferie og Geiranger Lyskunstfestival
Magisk vinter i Geiranger
Vinteren i Geiranger er noko heilt spesielt – stille fjord, snøkledde fjell og ei ro som gjer godt for sjela. I vinterferien kan du kombinere kvile og aktivitetar med ei av dei mest unike opplevingane i fjorden: Geiranger Lyskunstfestival.
13.–22. februar 2026
I ti dagar forvandlast Geiranger til eit levande kunstverk når lys, fargar og installasjonar lyser opp bygda, fjellsidene og fjorden. Festivalen byr på magiske kveldar der du kan vandre mellom lyskunst, konsertar og utstillingar – alt omgitt av den mektige vinterlandskapen..
Nokre av høgdepunkta i vinterferien
Gjennom vinterferien skjer det noko kvar dag – både på hotellet og i bygda. Programmet byr på noko for alle aldrar - rå interaktive lysinstallasjonar for dei minste til kunstnarlege opplevingar og kulturelle arrangement for vaksne.
Geiranger Light Art Festival med lysinstallasjonar og vandringar
Silent Disco i sentrum for barna
Barnedisco, trylleskule, trylleshow og rebusløp for barna på hotellet
Konsertar, foredrag og kulturarrangement for vaksne
Utvida opningstider i Union Spa og Union Bad utvalde dagar
Lyspub i salongen
OL-sendingar i fellesareal
Her er det lett å finne ei god balanse mellom aktivitet og kvile – anten du reiser med familien, som par eller ønskjer ei roleg vinterveke.
Bo komfortabelt på Hotel Union
Gjer opplevinga komplett med opphald på Hotel Union. Slapp av i Union Spa, nyt god mat i restaurantane våre, og vakne opp til utsikt over verdsarvfjorden. Vi tilbyr pakker for både korte og lengre opphald i festivalperioden.
Sjå vårt rikhaldige program dag for dag
________________________________
Prisar i vinterferien:
Familiepakke - to vaksne + to barn - i standardrom inkludert halvpensjon (frukost og middag), samt inngang Union Bad: frå kr 4320,-
Fjordromantikk - to vaksne - i standardrom inkludert halvpensjon, sprudlande velkomst på romet og noko søtt å bite i, samt inngang til Union Spa og Union Bad: frå kr 4660,-
Seniorpakke (vekedagar) - vaksne i standardrom inkludert halvpensjon (frukost og middag): frå kr 1750 per person
Valentinspakke (13, 15, 20, 21, 28 februar) - frå kr 4660,- for to vaksne i standardrom. Inkluderer sprudlande velkomst på romet inngang spa, frukost, velg mellom buffet eller ala carte til middag,










