
Våre lokaler passar til alle arrangement, små og store. Som arrangør får du ein kontaktperson som tek hand om den praktiske førebuinga og hjelper deg med innhaldet i ditt program, det være seg kongressar, kurs, feiringar, utstillingar og intime selskap. Kontaktpersonen vil alltid være tilgjengelig - både før og under sjølve arrangementet. I vårt businessenter har vi sjølvsagt alle nødvendige kontorfasilitetar, fibernett og 4G. Vi skreddarsyr den perfekte konferanseopplevinga etter ditt behov.
Geirangersalen
Geirangersalen er vår største festsal; perfekt til store kongressar, konferansar og bryllaup. Heve- og senkescena har stor fleksibilitet og byr på mange moglegheiter. Takhøgda i salen er 5,5 meter, og panoramavindu slepp inn mykje lys og natur.
Deltakarar: 160 - 600
Buick
Buick er perfekt om du ønskjer ein mellomstor sal til arrangementet ditt. Salen kan delast i to, og passar ypparleg som presserom og sekretariat ved større kongressar.
Deltakarar: 70 - 90
Preikestolen
Preikestolen er passeleg til mindre konferansar, feiringar, utstillingar og intime selskap. Preikestolen kan delast i to grupperom.
Deltakarar: 36 - 110
Cadillac
Cadillac gir dei rette rammene for møter eller mindre samlingar. Salen har teppelagt golv og eigen veranda.
Deltakarar: 50 - 70
Nash
Nash kan til dømes bli brukt som møterom for opp til 26 personar, eller som grupperom til 10 personar, ved å dele salen i to.
Deltakarar: 4 - 26
Foaje
Foajeen blir ofte nytta til selskap, samlingar og aperitiffar, men også som pause- eller utstillingsareal. Salen ligg i direkte tilknyting til Geirangersalen og fleire andre møterom. Foajeen har eigen inngang, tilrettelagt for blant anna innkøyring av bilar.







