Meny

Meny

Meny

Fasilitetar

A scenic outdoor restaurant patio with black wicker chairs and tables, shaded by large white umbrellas, offering a stunning view of majestic mountains and lush greenery.
A scenic outdoor restaurant patio with black wicker chairs and tables, shaded by large white umbrellas, offering a stunning view of majestic mountains and lush greenery.

Hagen

Hotellhagen vår er ei fredfull oase der du kan trekke deg tilbake på solfylte dagar, slappe av i solseng, nyte ein god lunsj frå Kafé Løsta eller ta eit bad i utandørsbassenget. 

Leikerom

I 3. etasje ved Union Bad og Spa finn du leikerommet vårt – perfekt for dei minste gjestane våre. Her finn du klatrestativ og ballbinge. Leikerommet er ein trygg og kjekk stad der barna kan leike og utforske.

Foto: Adobe Stock

Three children laugh while lying in a colorful ball pit filled with red, blue, yellow, and green plastic balls, playfully reaching towards the camera.
Three children laugh while lying in a colorful ball pit filled with red, blue, yellow, and green plastic balls, playfully reaching towards the camera.
A close-up of a weightlifting setup with dumbbells in a gym, featuring a blurred background of exercise equipment.
A close-up of a weightlifting setup with dumbbells in a gym, featuring a blurred background of exercise equipment.

Treningsrom

Hotel Union Geiranger har eit eige treningsrom i 2. etasje, i tilknytning til Union Bad & Spa. Her finn du eit basis utval av treningsapparat og utstyr som tredemølle, romaskin, spinningsykkel og frivekter – perfekt for deg som ønskjer ei aktiv økt under opphaldet.

Foto: Adobe Stock

Aktivitetsrom

I underetasjen finn du Geiranger Vognfabrikk der vi har samla kjekke aktivitetar som biljard, airhockey og dart.

Foto: Adobe Stock

A triangle rack holds colorful billiard balls on a green felt table, with a cue stick resting nearby.
A triangle rack holds colorful billiard balls on a green felt table, with a cue stick resting nearby.
A cozy indoor venue with small tables and chairs, softly lit, creating an intimate atmosphere.
A cozy indoor venue with small tables and chairs, softly lit, creating an intimate atmosphere.

Union Dancing

I underetasjen finn du og Union Dancing - vårt eige showlokale. Ein stemningsfull sal med scene og dansegolv i midten, omkransa av sitjegrupper i amfi. Her legg vi til rette for dans, underhaldning og arrangement med god utsikt til scena frå alle plassar. Lokalet har eigen bar og passar perfekt for alt frå show og konsertar til firmafestar og private samlingar.

Dronningterrassen

Dronningterrassen er ein stor flott terrasse i tilknytning til Restaurant Fjorden. Om sommaren kan du nyte både lunsjen og middagen her med spektakulær utsikt over fjorden. 

A panoramic view of lush green mountains under a clear blue sky, with wooden railings in the foreground.
A panoramic view of lush green mountains under a clear blue sky, with wooden railings in the foreground.
A woman sits at a table with a flower pot, enjoying a scenic mountain view in a cozy outdoor setting.
A woman sits at a table with a flower pot, enjoying a scenic mountain view in a cozy outdoor setting.

Nina Grieg terrassen

Nina Grieg-terrassen er den perfekte staden for å slappe av og nyte noko godt i glaset, omgitt av spektakulær utsikt over Geirangerfjorden. Terrassen har ein lun og behageleg atmosfære, med sitjegrupper og gode solforhold på fine dagar. Terrassen ligg rett utanfor salongen i 1. etasje og har servering frå lobbybaren.

Foto: Ása Steinarsdottir

Dronningsalongen

Dronningsalongen er eit lite, stilfullt lokale i tilknytning til salongen i 1. etasje. Lokalet er innreidd med gamle møblar og har ei varm og stemningsfull atmosfære. Det er og mogleg å leige Dronningsalongen som eit samlingspunkt for små grupper eller private feiringar. Pirs på førespurnad.

Foto: Christian Sørvær

A cozy lounge area with comfortable chairs, warm lighting, and plants, creating an inviting atmosphere.
A cozy lounge area with comfortable chairs, warm lighting, and plants, creating an inviting atmosphere.
Vintage cars lined up in a dimly lit garage, showcasing their classic design and tires.
Vintage cars lined up in a dimly lit garage, showcasing their classic design and tires.

Veteranbilsamling

Mange av bilane som vart nytta for å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet, er framleis i god stand. Ti av dei finnast i dagens samling, og vert framleis leigde ut med sjåfør.

Mollaløa selskapslokale

Mollaløa er ei gammal, rustikk løe som står i hotellhagen. Her kan vi tilby ei stemningsfull matoppleving i særeigne omgivnadar for grupper. Kontakt oss for å reservere Mollaløa selskapslokale.