
Om Hotel Union Geiranger
Kort om ei lang historie
Hotellet blei bygd i 1891, opphaveleg i tre med inspirasjon frå dragestilen eller sveitserstilen.
Julie og Karl Mjelva kjøpte Hotel Union Geiranger i 1899. Den driftige familien starta også bilfabrikk, kraftverk og komfyrfabrikk på staden. Hotel Union er utvida og ombygd fleire gongar.
Det som sto igjen av trehotellet, blei fjerna i 1979. Hotellet er seinare utvida, med ei moderne kurs- og konferanseavdeling, svømmebasseng, ny toppetasje med 13 suitar, veteranbilutstilling, nattklubb, spa-avdeling og stadig nye tilbod inne og ute.
Den sterke Union-atmosfæren, med kvalitet og service i generasjonar, er ført vidare med Monja og Sindre Mjelva som vertskap. Dei er i dag vertskap i fjerde hotellgenerasjon.
Nokre kjappe fakta
197 rom
Av desse 17 suitar
Restaurantar
Bar og nattklubb
Gratis trådlaust Internett
Kongress-/konferanse- og selskapsavdeling
Spa: stor og profesjonell spa-avdeling
Innan- og utandørsbasseng
Eige barnebasseng
Leikerom
Gåvebutikk
Veteranbilmuseum
Varierte aktivitetstilbod ute og inne
UNESCO Verdsarvområde
Ladestasjon for el-bilar
