Meny

Meny

Meny

An elderly person wearing glasses, cozily seated in a wicker chair, embraces a toddler wrapped in a robe, in front of a crackling fireplace.

Union Bad

Basseng utandørs og innandørs, pluss eige barnebasseng

Hos Union Bad kan ein slappe av og hyggje seg i fellesskap, samt få ei god vatnoppleving. Ei god vatnoppleving er mental og fysisk mosjon, harmoni, positive augeblink og mykje, ny energi.

Prisar og opningstider

For gjester som bur på hotellet
Fri adgang under opphaldet
Bassenget er ope frå 06.00 til 22.30

Bading for deg som ikkje bur på hotellet
Om du ikkje bur hos oss har vi likevel gleda av å ønskje deg velkomen som gjest i Union Bad mellom kl. 10.00 - 19.00. Sjekk ledig kapasitet og bestill på førehand ved å kontakte sparesepsjonen på e-post spa@hotelunion.no eller ring +47 702 68 323

Grunna stor pågang på sommerstid så er det svært viktig at du kontaktar oss på førehand.

Prisar for eksterne gjester
Vaksen kr. 300,-
Barn under 15 år kr. 200,-
Familie (2 vaksne og 2 barn) kr. 950,-

Two people relax in a luxurious indoor pool with large windows showcasing a scenic mountain view, capturing a serene and tranquil atmosphere.
Two people relax in a luxurious indoor pool with large windows showcasing a scenic mountain view, capturing a serene and tranquil atmosphere.

Svømmebasseng

Ta deg nokre runder i svømmebassenget (32°) innandørs, og kjenn at du brukar kroppen. Etterpå kan du setje deg godt til rette i avslappingssona og sjå flammane gneistre i peisen. For å setje prikken over i'en, tek du turen innom saunaen som ligg rett ved.

Terapibasseng

Kjenn roa omfavne deg i terapibassenget med boblebad (34°), utandørs. Her finn du massasjedyser og kobradusj, samt ei fantastisk utsikt over både fjord og fjell.

A couple relaxes in a luxurious indoor pool surrounded by large glass windows showcasing a breathtaking snow-covered mountain view, creating a serene and intimate ambiance.
A couple relaxes in a luxurious indoor pool surrounded by large glass windows showcasing a breathtaking snow-covered mountain view, creating a serene and intimate ambiance.
A joyful baby with a big smile is being held by a caregiver in a swimming pool, capturing a heartwarming moment of play and bonding in the water.
A joyful baby with a big smile is being held by a caregiver in a swimming pool, capturing a heartwarming moment of play and bonding in the water.

Barnebasseng

Vi har eige barnebasseng (34°), slik at dei små kan oppleve vatnet i trygge omgivnadar. Dersom dei har meir energi på lager, kan de ta turen til leikerommet.