Meny

Meny

Meny

Valentinspakke

Ta med deg den du er glad i på ei romantisk vinterreise til vakre Geiranger. I februar inviterer Hotel Union Geiranger til ei stemningsfull Valentinspakke, perfekt for de som ønskjer kvalitetstid, velvære og gode smaksopplevingar – omgitt av storslått natur.

Pris: kr 4 660 for to personar i standardrom

Pakken er tilgjengelig på følgande datoer: 13. , 15. - 21. samt 28. februar.

Dette er inkludert i Valentinspakken:

  • Overnatting i komfortabelt standardrom

  • Bobler og noko søtt på rommet ved ankomst

  • Halvpensjon

    • Valfri middag i à la carte-restaurant eller buffetrestaurant

  • Inngang til Union Bad og Union Spa – nyt ro, varme og avslapping saman

Alt lagt til rette for ei romantisk oppleving de seint vil gløyme.

Finn roa i spaet med deilig spafrukost med utsikt over fjorden.

Drop-in bryllaup i Geiranger kyrkje 💖 - for ny og moden kjærleik

Den 20. og 21. februar skjer det noko heilt spesielt i Geiranger. Då er det mogleg å gifte seg i vakre Geiranger kyrkje – gjennom eit drop-in bryllaup.

  • For par som ønskjer å gifte seg for første gong

  • For par som vil fornye bryllaupsløfta sine

Ein enkel, høgtideleg og romantisk måte å seie ja på – midt i vintereventyret, og om du ønsker å kombinere dette med ein liten samankomst på hotellet etterpå, hjelper vi deg gjerne med dette. Dersom dette kunne friste må du ta kontakt på førehand for å ordne det praktiske: Fjordaprest Ann Kristin Langeland, tlf 976 87 525 eller Stranda kyrkjekontor, tlf 404 41 522.