Mars til mai
Vår i Geiranger – det ville møter det stille
Våren i Geiranger er spektakulær. Snødekte fjelltoppar møter frådande fossar, og fjorden ligg djup og blå mellom bratte fjellsider. Smeltevatnet gir nytt liv til landskapet, og naturkreftene viser seg frå si mest dramatiske side. Dette er tida for kontrastar – mellom det rå og det stille, det kraftfulle og det fredfulle.
Midt i dette landskapet ligg Hotel Union – ein varm og roleg base for opplevingar. Her startar du dagen med utsikt mot fjorden, dreg ut på eventyr i fjell og på sjø, og vender tilbake til velvære, gode smakar og kvile.
Opplev fjorden på nært hald
Om våren er fossane på sitt aller mektigaste. Snøsmeltinga fyller elvar og fossefall, og fjorden viser seg frå ei ekstra dramatisk side.
RIB-safari
Med open RIB-båt kjem du tett på naturen. Du kjenner sjøsprøyten, høyrer fossane dundre og får oppleve dei ikoniske fossefalla på nært hald.
Fjordcruise
Eit rolegare alternativ er fjordcruise gjennom verdsarvområdet. Her glir du forbi bratte fjellsider, fjellgardar og kjende fossefall som Dei sju søstre – omgitt av snødekte toppar og klar vårluft.

Vår i fjellet
Geiranger byr på eit breitt spekter av turmoglegheiter.
Topptur på ski
I høgda ligg snøen ofte langt utover våren. Å gå topptur her gir ei heilt spesiell oppleving – lange nedkøyringar med utsikt over fjorden.

Trugetur
For ei rolegare ferd i vinterlandskapet er trugetur eit flott alternativ. Gå gjennom stille, snødekte område og nyt utsikta i ditt eige tempo.
Fossevandring og turstiar
Når snøen smeltar i låglandet, opnar stiane rundt bygda. Fossevandring og andre tilrettelagde turar gir deg vårens mest kraftfulle naturopplevingar på nært hald.
Utsiktspunkt og naturopplevingar
Besøk ikoniske utsiktspunkt som Flydalsjuvet eller køyr dei svingete vegane opp mot Ørnevegen.
Vesteråsfossen er også eit must å besøke etter at snøen har starta smeltinga, og du kan kjenne pulsen frå fossen ved å gå bak han.
På Geiranger Skywalk – Dalsnibba, 1500 meter over havet, får du ei av Europas høgaste fjordutsikter frå bilveg. Vegen opnar vanlegvis frå midten av mai og held ope gjennom sommarsesongen, avhengig av snøforhold.
Om våren møter vinter og sommar kvarandre i eit dramatisk panorama av snø, fjell og djupblå fjord. Og etterkvart vert fjellsidene grønare og markene vert opna for beite.

Kvifor Geiranger om våren?
Våren er tida for å oppleve Geiranger utanfor høgsesongen.
Her finn du ei rolegare rytme, meir rom og ein meir autentisk atmosfære. Du møter bygda slik ho eigentleg er – ei levande fjordbygd med sterke tradisjonar og ekte vertskap.
Utan dei store folkemengdene får du betre tid. Tid til å stoppe opp ved eit utsiktspunkt. Tid til å høyre fossane. Tid til å kjenne på kontrasten mellom det ville landskapet og den lune roen på hotellet.
Ro etter det rå
Etter ein dag ute i frisk fjelluft ventar roa på Hotel Union.
Union Bad & Spa
Her finn du innandørs basseng, oppvarma utandørs terapibasseng og badstuer – perfekt for å mjuke opp kroppen etter ein aktiv dag.
Spa-behandlingar
Unn deg ei velgjerande behandling. Vi tilbyr massasje, ansiktsbehandlingar, kroppsbehandlingar og skreddarsydde spa-ritual. Her handlar det om balanse – mellom puls og kvile.

Smakar av våren
I hotellet sine restaurantar kan du nyte sesongbaserte rettar med fokus på lokale råvarer og norske tradisjonar – ein naturleg og smakfull avslutning på ein dag fylt av inntrykk.
Våren i Geiranger er kraftfull og levande – men gir også rom for stillheit.
Velkomen til ei årstid der det ville møter det stille.
Velkomen til Hotel Union.




