10. - 12. februar
Union Retreat – for kvinner midt i livet
Ein eksklusiv workshop med Kristin Evjen for refleksjon, energi og ny retning
Når kroppen endrar seg, hovudet er fullt og kjenslene kan svinge, er det lett å miste fotfeste. Mange kvinner i tida rundt overgangsalderen opplever nettopp dette: at dei ikkje heilt kjenner seg sjølve igjen – at dei står midt i livet, men likevel kjenner seg litt på vent.
Denne workshopen er skapt for deg som vil ta tilbake plassen i ditt eige liv.
For deg som vil forstå kroppen din betre.
For deg som vil finne ny energi, tryggleik, retning – og fellesskap.
Kristin Evjen har jobba med kvinner gjennom store delar av yrkeslivet sitt. Ho har fulgt mange gjennom perimenopause, menopause og postmenopause – og ho har vore gjennom fasane sjølv. Ho veit kor krevjande, men også kor frigjerande denne perioden kan vere. Difor har ho samla kunnskapen, erfaringane og verktøya som verkeleg kan hjelpe, og no vil ho dele dei med deg.

Om Kristin
Kristin er fysioterapeut og spesialist i sexologisk rettleiing. Ho har også utdanning i kognitiv terapi og ACT (aksept- og forpliktingsterapi).
Som fysioterapeut jobbar ho hovudsakleg med kvinnehelse, og som samtaleterapeut handlar arbeidet hennar mykje om relasjonsutfordringar, seksualitet, «livscoaching» og parterapi.
Ho er lidenskapeleg oppteken av kvinnehelse og relasjonar, og av korleis relasjonar og seksualitet blir påverka av traume, stress og sjukdom. Ho held ofte førelesingar om desse tema.
Kva kan du forvente?
Rolege dagar i vakre Geiranger med:
Innsikt i kva som skjer i kroppen og hovudet i denne livsfasen
Øvingar som gir verktøy til å stå stødigare i kvardagen
Yoga, pust, ro og tid til å lande
Samtalar som gjer godt – fordi deling og fellesskap er ein styrke
Eit trygt rom der du kan utforske, forstå og finne ny retning
Kurset er ei balansert blanding av teori, praksis og samtale – alt lagt opp for å gi deg eit løft både fysisk, mentalt og emosjonelt.
PROGRAM – Workshop for kvinner 45+
Tysdag 10. februar
15.00 – Ankomst & innsjekk
16.00–18.00 – Introduksjon, verdier, behov, indre kompass, grenssetting & breathwork
19.00 – Middag
Onsdag 11. februar
08.00 – Rolig morgenyoga
09.00 – Frukost
10.00–12.00 – Hormonyoga, pust & yoga nidra
12.00 – Lunsj + egentid: spa, bad, tur eller berre kvile
16.00–18.00 – Deling av erfaring så langt. Seksuell helse i voksen alder & kroppsbevisstheitsøvingar.
19.00 – Middag
Torsdag 12. februar
08.00 – Rolig morgenyoga
09.00 – Frukost
10.00–11.30 – Pust for energi & lyst + oppsummering
11.30 – Utsjekk
12.00 – Lunsj
Pris og inkludert i pakken
Kr 6.400,- per person (same pris for enkelt- og dobbeltrom)
Inkluderer:
2 overnattingar på Hotel Union Geiranger
2 x frukost, 2 x lunsj, 2 x middag
Heile kurs- og aktivitetsprogrammet v/ Kristin Evjen
Inngang til Union Bad, badekåpe, tøfler
Lån av yogamatter og tilgang til treningsrom
Union Retreat blir arrangert av Kristin Evjen i samarbeid med Hotel Union Geiranger.
Meld deg på ved å klikke på bestill knappen:

