Meny

Meny

Meny

Two people relax in a serene indoor pool, surrounded by large windows showing a nighttime view.
Two people relax in a serene indoor pool, surrounded by large windows showing a nighttime view.
Two people relax in a serene indoor pool, surrounded by large windows showing a nighttime view.

13. februar

Spapakke

På tide å samle vennegjengen til nokre dagar fylt med ro og avslapping i spa? Ta turen til vakre Geiranger og kombiner avslapping i Union Spa med spektakulære naturopplevingar. Under har vi samla nokre gode tips til aktivitetar og opplevingar som kan passe til vennegjengen. 

Forslag til aktivitetar (nokre av aktivitetene er sesongbaserte):

  • Topptur til ein av fjelltoppane som ruvar høgt over Geiranger: Vinsåshornet, Geitfonnegga eller Laushornet. Alle tre gir spektakulær utsikt over Geiranger og fjorden.

  • Ønskjer du å gå ein litt kortare tur så kan vi anbefale desse: Skageflå, Løsta eller Storsæterfossen.

  • Selfie-tid: Besøk dei kjende utsiktspunkta Flydalsjuvet og Ørnesvingen. Vi kan og anbefale eit besøk til toppen av Dalsnibba (bilveg heile vegen opp, normalt ope frå mai/juni - september/oktober.)

  • Fartsfylt moro med fjordsafari på Geirangerfjorden. Kom tett på naturen i opne ribbåtar. 

  • Padle kajakk på Geirangerfjorden 

  • Utforsk Geiranger med elektrisk Twizy eller elsykkel. (Vår/ sommar/ haust)

  • Utfordre høgdeskrekken hos Explore Geiranger - zipline, via ferrata og rappellering. (Vår/ sommar/ haust)

  • Gå Fossevandringa ned til sentrum og nyt ein god lunsj.

  • Nyt ein avslappende dag i Union Spa


Spapakken vår inkluderer:

  • Overnatting. Romkategori vel du sjølv. 

  • Inngang i vår flotte spaavdeling frå kl. 15.00 på ankomstdagen, til kl. 12.00 på avreisedagen.

  • Middag i Restaurant Fjorden. (Buffet eller 3-retters meny - hotellet sitt valg)

  • Morgonkåper på rommet

  • Frukost

Spapakke, utvalde datoar:

Pris frå kr. 3990,- for 2 vaksne. 
Pakken er tilgjengeleg utvalde datoar frå 13. februar 2026.