Meny

Meny

Meny

Two people relax on a sofa in a scenic outdoor setting, surrounded by mountains and lush greenery.

Spar 20% på opphald i juni og juli

Verdsarvfjorden ventar

Få gonger i livet får du sjansen til å vakne opp til utsikta over Geirangerfjorden. Hotel Union – drive av Mjelva-familien i fire generasjonar – ligg rett ved vatnet i eit av verdas mest fotograferte fjordlandskap. I sommar gjer vi det endå lettare å kom med: 20 % rabatt på rom og pakkar på utvalde datoar i juni og juli.

Book no og spar 20 % på utvalde datoar i sommar.

Tilbodsdatoar

Juni: 1, 2, 3, 4, 7, 8, 9, 10, 11, 14, 15, 16, 19, 21, 23, 28 og 30. juni
Juli: 1, 2, 4, 6, 7, 14, 18, 24 og 29. juli

Aktivitetar i Geiranger

Sommaren er høgtid langs Geirangerfjorden. Fossane dundrar ned i djupblått vatn, stiane er ope frå fjøra til fjells, og dagslyset varar nesten heile natta. Det er ikkje utan grunn at verda har kome hit sidan det første cruiseskipet sigla inn fjorden i 1869 – og det er ikkje utan grunn at UNESCO valde å verne det.

Gå til Skageflå – fjordgarden som heng 250 meter over vatnet – eller ta turen opp til Ørnesvingen, utsiktspunktet som gav namn til hotellets signaturcocktail.

Vil du kome endå tettare på, er kajakk eller fjordsightseeing med båt noko heilt for seg sjølv. For dei med vågalag er via ferrata og zipline i Geiranger Naturpark eit naturleg val.

Tilbake på hotellet ventar noko like unikt: veteranbilgarasjen, der bilane som frakta turistar rundt i Geiranger på 1920- og 30-talet framleis er i fin stand – og tilgjengeleg for hotellets gjester.

Dette kan du oppleve i Geiranger:

  • Fjordsightseeing med båt på UNESCO-fjorden

  • Kajakkturer og utleige – kom tett på fossefalla

  • Zipline og Via Ferrata i Geiranger Naturpark

  • Fotturar til Skageflå, Knivsflå og Storseterfossen

  • Elsykkelutleige – eige tempo, store utsikter

  • Vandring i fjellet og opp til Ørnesvingen

  • Veteranbilgarasjen – gratis for hotellets gjestar

Mat & Drikke på Hotel Union Geiranger

Alle spisestadar på Hotel Union har utsikt over fjorden.

Frukost

Restaurant Fjorden serverer frukostbuffet kvar morgon – varm og kald mat, ferskt brød og bakverk, lokale råvarer og alt du treng for å kome deg ut på tur.

Vil du heller starte dagen i ro og mak? Frukost kan bestillast servert på rommet, eller du kan nyte spafrukosten frå 09:00 til 12:00 – inkludert for alle gjester med inngang til Union Spa.

Lunsj

Restaurant Julie – oppkalla etter Julie Mjelva, den første i familien som dreiv hotellet – serverer lunsj frå 12:00 til 17:00 med eit variert utval av salatar, smørbrød, pizza, burgerar og varme rettar.

Kafé Løsta i 3. etasje, rett ved bassengområdet, byr på lette lunsjrettar og drikke i meir uformelle omgjevnader. På fine dagar er hagen ein framifrå plass å sitje.

I sommar kan du dessutan nyte lunsj utandørs på Dronningterrassen – hotellets store terrasse med direkte utsikt over Geirangerfjorden.


Middag

Kvar kveld frå 18:30 inviterer vi til Unionsbuffeten i Restaurant Fjorden – eit rikt bord med varme og kalde kvalitetsrettar laga frå botnen av kokkane våre, med råvarer etter sesong. Vel mellom to bordsetjingar: 18:30 eller 20:00.

Kvelden rundar av med dessertbordet til konditorane. For deg som føretrekkjer å sitje à la carte, er Restaurant Julie eit intimt og triveleg alternativ med forretter, hovudrettar og vin frå hotellets eige vinkjella.

Og er sommarkvelden mild, er Dronningterrassen staden å vere – middag utandørs med fjorden som bakteppe.

Union Spa

Spaet på Hotel Union er eit mål i seg sjølv. Utandørs varmebad med panoramautsikt over Geirangerfjorden, innandørs svømmebasseng, badstue, dampbad og eit breitt tilbod av behandlingar – massasje, kroppsinnpakking, andletsbehandling og meir. Her er det lett å miste tidsomgrepet.

Spafrukosten – servert frå 09:00 til 12:00 – er inkludert for alle gjestar med inngang til Union Spa, og er ein naturleg start på ein heil spadag. Vi anbefaler å bestille behandlingar i god tid, då kapasiteten er avgrensa i høgsesongen.

Book no og spar 20 % på utvalde datoar i sommar.

Tilbodet gjeld berre dei oppgjevne datoane, så lenge det er ledig kapasitet.

Velkomen til Hotel Union Geiranger

Bygd i 1891 i dragestil, driven av same familie i over 130 år – og framleis eit av Noregs mest særeigne hotell. Hotel Union er medlem av De Historiske Hotel og Spisesteder, og eit opphald her er noko meir enn overnatting. Det er ei oppleving du kjem heim frå og snakkar om.

*Vilkår og føresetnader

Tilbodet på 20 % gjeld nye bestillingar på utvalde datoar i juni og juli på rom og pakkar bestilt på vår webside. Gjeldande datoar i juni: 1, 2, 3, 4, 7, 8, 9, 10, 11, 14, 15, 16, 19, 21, 23, 28 og 30. juni. Gjeldande datoar i juli: 1, 2, 4, 6, 7, 14, 18, 24 og 29. juli. Tilbodet gjeld ikkje tillegg bestilt på hotellet etter ankomst.