Meny

Meny

Meny

A man in formal attire and a woman in a patterned dress are serving food at a beautifully arranged dining table.

Påsketilbud! Bestill tre netter - spar 20% på heile opphaldet

Påske på Hotel Union

Påska er eit høgdepunkt for mange. Endeleg tid til å samle alle, både liten og stor, ung og gammal. Fleire generasjonar samla rundt same bord.

Samtalar og augeblink som set seg i minnet. Det blir mange kjekke aktivitetar for born. Vi gjentek suksessen frå tidlegare med leik og moro i Union Bad, rebusløp inne og ute, aktivitetsrom og familiebuffet.

Vi får også besøk av Magiske Robin som inviterer til trylleshow og anna magisk moro for dei minste!

For å bestille familierom ring 702 68 300 eller send epost til booking@hotelunion.no

Heile programmet for påska finn du her.

Bestill tre netter og spar 20% på heile oppholdet

I påska kan du spare 20% på alle opphold på tre dagar eller meir. Tilbodet gjeld alle pakkar og romkategoriar. Det vil seie at om du bestiller halvpensjon så får du 20% rabatt også på maten.

Våre pakkar

Standardrom med frukost
Frå kr 1 430,- per person per natt
– Inkludert frukost
– Inngang til Union Bad

Familiepakke (2 vaksne + 2 barn)
Frå kr 4 320,-
– Standardrom
– Halvpensjon (frukost og middag)
– Inngang til Union Bad

BESTILL PÅSKEFERIE

Bo komfortabelt på Hotel Union

Gjer opplevinga komplett med opphald på Hotel Union. Slapp av i Union Spa, nyt god mat i restaurantane våre, og vakne opp til utsikt over verdsarvfjorden. Vi tilbyr pakkar for både korte og lengre opphald i påska.

Nokre av høgdepunkta i påskeferien

Gjennom påskeferien skjer det noko kvar dag – både på hotellet og i bygda. Programmet byr på noko for alle aldrar.

  • Påskeeggjakt, barnedisco, trylleskule, trylleshow og rebusløp for barna på hotellet (trylleshow og trylleskule med Magiske Robin frå 1 -5 april)

  • Utvida opningstider i Union Spa og Union Bad utvalde dagar

  • Påskebingo

  • Påskequiz

Her er det lett å finne ei god balanse mellom aktivitet og kvile – anten du reiser med familien, som par eller ønskjer ei roleg påskeveke.

Herlegheiter på menyen heile påska

Familiebuffet – smakar frå fjern og nær!
Vi dekkjer opp til ein rikhaldig påskebuffet med det beste frå sjø og land.

Inspirert av matkulturen i Middelhavet, kombinert med våre lokale råvarer, byr vi på rettar heile familien vil elske – med fokus på vårens spiskammer.

Perfekt for både små og store – her finn alle sine favorittar!

Langfredag & påskeaftan:
Vi serverer saftig, langtidssteikt påskelam som blir tranchert av kokkane våre, med smakfullt tilbehør som ein del av varmmatbuffeten.

Fleire moglegheiter heile påska:
Brasserie Julie held ope for lunsj og à la carte kvar dag.
Café Løsta byr på enkel servering, og i Salongen kan du nyte noko forfriskande.

Lanseringstilbud på fjordcruise

Reis til Geiranger sjøvegen! Geiranger Fjordservice køyrer lanseringstilbud på deira nye hybridskip som går dagleg frå Ålesund til Geiranger 1. til 6 april! Noko som betyr at du kan nytte dette skipet for å kome deg til å frå Hotel Union i påska! Båtturen er ei oppleving i seg sjølv, og ved ankomst i Geiranger kjem vi å hentar dykk på kaia.

Pris kun 400 kr tur/retur per person!

Bestill båt på Geirangerfjord.no og nytt koden UNIONPASKE

hotel_union_geiranger_vinter_tonemolnes_2018_TMO5375.jpg