
20. - 22. mars
Italiensk helg
Denne helga tek vi deg med på ei kulinarisk og kulturell reise til Italia! Kjøkkenet vårt set fokus på det italienske kjøkkenet og byr på smakfulle rettar inspirert av autentiske italienske tradisjonar. Frå ferske råvarer til klassiske rettar og moderne vriar – alt er nøye komponert for å gi deg ei ekte italiensk smaksoppleving. Og kva er vel Italia utan vin?
Som gjest vert du også invitert til vinsmaking av fem utvalde vinar saman med Vino Piemonte og Vinory laurdag. Denne vinsmakinga er inkludert om du bestiller eit weekendopphold eller laurdag til søndag. (Verdi 695 per person).
Laurdagen har vi også ei eksklusiv vinoppleving som du kan legge til opphaldet ditt ved bestilling. Her leitar vi fram det aller ypperste av våre italienske vinar, og saman med vår spesialist får du ei oppleving du seint vil gløyme.
Tillegg for eksklusiv vinoppleving: 5000,- per person.
Laurdag kjem også Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert og underheld med italienske tonar. Hallvar kjem frå Tomrefjord og er utdanna ved Operaakademiet i København, og har mellom anna vore solist ved den Norske Opera og Ballett. Stephanie Lippert er Mezzosopran /visesongar frå Sverige, som også er utdanna ved Operaakademiet i København. Ho har mange års erfaring som konsertsolist og kyrkjesongar. Konserten er gratis for hotellet sine gjestar.
Sjå detaljert program for heile helga
Bestill opphald
———————————————————————————
Eksklusiv kjellarsmaking
Italienske ikonvinar
Laurdag 21. mars inviterer vi til ei heilt spesiell oppleving i vinkjellaren – ein tre timar lang, eksklusiv smaking av nokre av hotellet sine mest prestisjefylte kjellervinar frå Italia.
Dette er ein sjeldan moglegheit til å smake modne og ikoniske vinar frå Toscana, Veneto, Barolo og Barbaresco – nøye utvalde frå vår eigen vinkjellar.
Pris: 5 000 kr per person
Tid: 3 timar frå 16:00
Antal plassar: 15-30
Kuratert av vinstjerna Francesco Marzola
Arrangementet blir leia av Francesco Marzola, ein av Europas fremste sommelierar. I dag er han direktør for vinhuset Ambassaden i Oslo, og er kjend for si djupe fagkunnskap, formidlingsevne og lidenskap for vin.
For denne kvelden har Francesco personleg kuratert vinutvalet, og vil guide dykk gjennom kvar vin med innsikt, historie og sensorisk presisjon.
Dette blir ei fagleg sterk og inspirerande smaking – for både den dedikerte vinkjennaren og den som ønskjer ei heilt spesiell oppleving.

VINLISTE
Toscana
Vigna d'Alceo IGT 2000 – Castello dei Rampolla
Solaia IGT 2017 – Marchesi Antinori
Bolgheri 2020 – Ornellaia
Sassicaia 2019 – Tenuta San Guido
Veneto
Amarone della Valpolicella Classico Vigneto Alto TB 2019 – Az. Agr. Tommaso Bussola
Barolo
Barolo Runcot 1998 – Az. Agr. Elio Grasso
Barolo Vigna Rionda 2016 – Massolino
Barbaresco
Barbaresco Gallina Viti Vecchie 2005 (1,5L) – Piero Busso
Dette er ein kveld for dei verkeleg store vinopplevingane – ein sjanse til å smake historie, terroir og mesterskap i glaset.
Velkomen til ein unik kveld i vinkjellaren.





