
20. - 22. mars
Italiensk helg
Denne helga tek vi deg med på ei kulinarisk og kulturell reise til Italia. Kjøkkenet vårt set fokus på dei italienske kjøkkentradisjonane og byr på smakfulle rettar inspirerte av autentiske italienske råvarer og teknikkar. Frå ferske råvarer til klassiske rettar og moderne vriar – alt er nøye komponert for å gi deg ei ekte italiensk smaksoppleving. Og kva er vel Italia utan vin?
Som gjest vert du også invitert til vinsmaking av fem utvalde vinar saman med Vino Piemonte og Vinory laurdag. Denne vinsmakinga er inkludert dersom du bestiller eit weekendopphald eller laurdag til søndag. (Verdi 695 per person.)
Laurdag har vi òg ei eksklusiv vinoppleving som du kan leggje til opphaldet ditt ved bestilling. Her let vi fram det aller ypperste av våre italienske vinar, saman med vår vinsjef i ei oppleving du seint vil gløyme.
Tillegg for eksklusiv vinoppleving: 5000,- per person.
Laurdag kjem også Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert og underheld med italienske tonar. Hallvar kjem frå Tomrefjord og er utdanna ved Operakademiet i København, og har mellom anna vore solist ved Den Norske Opera og Ballett. Stephanie Lippert er mezzosopran frå Sverige, også utdanna ved Operakademiet i København. Ho har lang erfaring som konsertsolist og kyrkjesongar.
Konserten er gratis for hotellet sine gjestar.
BESTILL OPPHALD HER
Sjå detaljert program for heile helga
Avlyst - Eksklusiv vinsmaking
Italienske ikonvinar
Laurdag 21. mars inviterer vi til ei heilt spesiell oppleving i vinkjellaren – ein tre timar lang, eksklusiv smaking av nokre av hotellet sine mest prestisjefylte kjellarvinar frå Italia.
Dette er ei sjeldan moglegheit til å smake modne og ikoniske vinar frå Toscana, Veneto, Barolo og Barbaresco – nøye utvalde frå vår eigen vinkjellar.
