Meny

Meny

Meny

Vårtilbud på Hotel Union Geiranger

Spar 25% på opphald i mai

Book ei Langhelg i Geiranger Opplev eit av Noregs vakraste reisemål til ein ekstra god pris. Hotel Union Geiranger tilbyr 25% rabatt på utvalde datoar på pakkar og rom i mai.

Nytt sjansen til å oppleve Geiranger på sitt beste i mai. Nyt vakker natur, avslappande spa og fantastisk mat frå ny sommarmeny.

Book no og spar 25 % på utvalde datoar i mai.

Aktiviteter i Geiranger

Mai er den perfekte månaden for å utforske Geiranger før sesongen slår inn for fullt. Fossane er på sitt kraftigaste, fjellsidene er frodige og grøne, og du har stiane og utsiktspunkta nesten heilt for deg sjølv. Ta turen opp til Ørnesvingen eller gå den populære ruta til Skageflå, der du får ei utsikt over Geirangerfjorden som du seint vil gløyme. Kortare turar som Storseterfossen passar òg perfekt for familiar eller dei som vil ha ein lettare dag i naturen.

Dette kan du oppleve i Geiranger:

  • Turer med båt – fjordsightseeing på UNESCO-fjorden

  • Kajakkturer og utleie – kom tett på fossefallene og fjorden

  • Zipline og Via Ferrata i Geiranger Naturpark

  • Fjordgardane Skageflå og Knivsflå

  • Elsykkelutleie – utforsk utsiktspunkta i eige tempo

  • Fotturer og vandringer i fjellet

  • Kultur og lokalhistorie på fjordmuseumet og i veteranbilgarasjen på Hotel Union.

Mat & Drikke

Hotel Union Geiranger har noko for alle måltid og stemningar.

Start dagen med frukostbuffet i Restaurant Fjorden, med ferskt brød, lokale råvarer og alt du treng for å kome deg ut på tur. Til lunsj finn du Restaurant Julie og Kafé Løsta, der du kan velje mellom lette rettar, smørbrød og pizza – gjerne ute i hagen med utsikt over fjorden.

Om kvelden er Unionsbuffeten høgdepunktet. I Restaurant Fjorden byr kokkane på eit rikt utval av varme og kalde rettar etter sesong, og kvelden avsluttast ved dessertbordet til konditorane. Vil du heller sitje à la carte, er Restaurant Julie eit triveleg alternativ med forretter, hovudrettar og lokale råvarer i sentrum.


Spaopphald

Etter ein dag ute i fjordlufta er det ingen betre stad å hamne enn i Spaet på Hotel Union. Her kan du slappe av i japansk varmebad med utsikt over fjorden, svette ut i badstua eller unne deg ein av våre populære massasjebehandlingar. Vi har pakker som passar perfekt til eit langhelgopphald, og vi anbefaler å bestille behandling i god tid då det er stor etterspørsel i mai.

Book no og spar 25 % på utvalde datoar i mai.

Tilbodet gjeld alle datoar så lenge det er ledig kapasitet.

Velkomen til Hotel Union Geiranger

Gjer opplevinga komplett med opphald på Hotel Union. Slapp av i Union Spa, nyt god mat i restaurantane våre, og vakne opp til utsikt over verdsarvfjorden.



Vilkår og føresetnader

*Tilbodet på 25% gjeld nye bestillingar på utvalde datoar i mai på rom og pakkar bestilt på vår webside. Tilbodet gjeld ikkje tillegg bestilt på hotellet etter ankomst.