
17.05.2026
17.mai på Hotel Union
Velkomen til feiring av nasjonaldagen i vakre Geiranger. Meir nasjonalromantisk setting skal du leite lenge etter med høge fjell, fjord og brusande fossefall.
Under finn du gode tips til aktivitetar og opplevingar i Geiranger på 17.mai.
Nytt deg av vårt mai-tilbod og få 25% rabatt på overnatting 17.mai-helga.
17. Mai frukost
Start nasjonaldagen med ein god frukost hos oss med utsikt over Geirangerfjorden. Frukost er inkludert i overnattinga dersom du bur på hotellet. Det er og mogleg for eksterne gjester å bestille frukost hos oss.
17. Mai meny
Frå kl. 12.00 - 18.00 serverer vi ein eigen 3 retters lunsjmeny. Du kan velge om du vil sitje inne i restauranten med utsikt over fjorden eller utandørs på Dronningterrassen. Reserver bord på førehand!
17. Mai buffet
Avslutt dagen med ein god middag. Frå kl. 18.30 - 21.30 inviterer vi til Unionsbuffet med eit rikt utval av både varme og kalde retter, og flotte dessertbord. Det er og mogleg for eksterne gjester å spise middag hos oss. Reserver bord på førehand! Bestill bord her
Aktivitetar og opplevingar
Vel om du vil ta del i den tradisjonelle nasjonaldagsfeiringa saman med bygdefolket her i Geiranger. Tradisjonen tru blir det tog med korpsmusikk frå sentrum og opp til kyrkja kl. 10.30. Gudsteneste i Geiranger kyrkje kl. 11.30 og samling på det lokale samfunnshuset Gildetun like ovanfor hotellet.
Eller kva med å feire nasjonaldagen med ein vårskitur til ein av fjelltoppane rundt Geiranger?
Vi kan og anbefale ein tur til fjordgarden Skageflå. Med flagget i handa og spektakulære omgivnadar kan vi garantere eit skikkeleg "Insta-moment".
Union Spa
Ønskjer du heller å roe ned og berre nyte dagen så kan vi varmt anbefale eit besøk i Union Spa. Her kan du lene deg tilbake i god stolen og nyte utsikta over Geiranger, ta deg eit bad eller bestille ei velgjerande spabehandling.
25% rabatt på overnatting i mai
Vi har 25% årkampanje med 25% rabatt på overnatting. Gjeld begrensa antal rom, så her er det førstemann til mølla!
