14. juni 2021

Hotel Union Geiranger tilbyr no HUB-riding for motorsyklistar – men kva er det eigentleg?

HUB riding er eit konsept som er utvikla for den Norske motorsyklisten av kjeda De historsike hoteller og spisesteder. Konseptet som er gratis for våre gjester, tilbyr førehandsdefinerte og kvalitetssikra køyreruter som er tilpassa motorsyklisten sine preferansar. Rutebeskrivingane ligg på HUBriding.no og du kan laste dei ned til din eigen GPS som GPX filer. Køyrerutene vi har utvikla er frå 20 til 45 mil lange dagsetapper som går i noko av det flotteste køyreterrenget Noreg har å by på. Rutene våre har tusenvis av svingar og går i terreng som garantert vil ta pusten frå deg. Alle rutene våre er spekka med mange av dei største sjåverdigheitene du kan finne i Noreg og kvar einaste dag vil du komme tilbake til hotell der du kan dele dagens køyreopplevingar med gamle eller nye vener.

 Vi har lagt alt til rette for deg som motorsyklist og tilbyr som ein del av konseptet: 

  • Vaskefasilitetar for sykkelen din
  • Parkering
  • Tørkefasiliteter til våte køyresko eller køyredressar
  • Tilgang til kjedespray eller motorolje
  • Vannflasker til dagens tur
  • Bistand til å kontakte/innhente tekniske støtte ved behov

Vi har planlagt og gjort førebuingane for deg og vi kan garantere at opplevingane vil overgå forventingene dine.

Konseptet som er gratis er presentert på nettsida HUBriding.no