Kjære gjest!

Vi ønkjer deg velkomen og ber om at denne rettleiaren blir lesen godt før du/de kjem til hotellet. På den måten er du sikker på at opphaldet blir så trygt som mogleg. 

Som følgje av korona-pandemien følgjer vi nøye pålagte smittevernstiltak frå Folkehelseinsituttet og Helsedirektoratet. Dette inneber mellom anna meir omfattande reinhald og oftare vasking. Samtidig må vi i ein periode redusere og endre deler av tilbodet og menyane vår, og det beklagar vi. 

I dette skrivet får du ein oversikt over dei tiltaka og endringane vi har sett i verk.

Vi er audmjuke over å ta imot gjester på Hotel Union Geiranger også denne sesongen – og takkar for tilliten.

Adgang berre for buande gjester

Hotel Union Geiranger har i mange år vore eit populært mål for dagsreisande i området. Slik håper vi det snart blir igjen, men for å redusere risikoen for smitte, er hotellet kun ope for gjester som bur på hotellet. Dette gjeld også Union Bad & Spa. 

FHI vektlegg tre prinsipp i rettleiarane sine:

  • God handhygiene
  • Redusert kontakt mellom personar – minimum 1 meter
  • Sjuke personar skal vere i isolasjon/karantene og halde seg heime

Vi vil gjere det vi kan for å etterleve dette, og håper du hjelper oss med det.

Smitteverntiltaka våre gjeld alle gjester, også dei som er vaksinert. Kjenner du deg sjuk etter at du er komen til oss, ber vi deg kontakte resepsjonen omgåande.  

Vi har strenge smittevernstiltak med hyppig handvask og anna reinhald, og ber om forståing for at dette kan føre til at enkelte ting tek litt lengre tid.

Denne rettleiaren gjeld frå 25. mai 2021 og vil bli revidert fortløpande. Sist oppdatert 08.08.21

Resepsjon

Vi ønskjer at all betaling skjer kontantlaust. Alle kjøp i restaurant/bar/spa blir sett på rekning på rommet.

For å gjere opphaldet så trygt som råd, blir resepsjonsdisken/betalingsterminal desinfisert mellom kvar gjest. På same måte blir også bagasjetrallene reingjort etter kvar bruk.

Vi ber vi om at alle merkar seg stasjonen med handsprit og informasjon ved resepsjonen. Vi ønskjer at alle gjester brukar denne når dei kjem inn. Skulle det vere behov for å vaske hendene med vatn og såpe, ber vi om at toaletta bak resepsjonen blir brukt. 

Ved innsjekk er det viktig å huske avstand til andre gjester og til personalet vårt. Dersom det er vanskeleg å overhalde minimum 1 meter avstand til andre, oppfordrar vi til bruk av munnbind.

Kvar romnøkkel vil vere desinfisert og haldaren er ny. Det er viktig at du har denne med overalt medan du bur hos oss. 

Alle gjester må fylle ut eit registreringsskjema. Kommunelegen ønskjer spesielt å vite siste opphaldsstad. Denne informasjonen blir lagra i ti dagar på grunn av eventuell smittesporing. 

Heiser

Vi ber om ekstra tålmod og nok avstand ved bruk av heisene, slik at gjester berre frå ei hushaldning brukar dei samtidig. 

Alle flatene både i og utanfor heisene vil bli reingjort regelmessig. Det vil vere handsprit ved heisene i hovudetasjen. 

Fellesareal

Også i fellesområda ber vi om at alle huskar å halde god og trygg avstand til andre gjester og personalet. Vi har sett ut fleire stasjonar med handsprit, og oppfordrar til at dei blir brukt flittig. Dersom det er vanskeleg å oppretthalde minimum 1 meter avstand, så oppfordrar vi til bruk av munnbind.

Hotellrom

Alle hotellrom blir reingjorde etter strenge smittevernsreglar og rutinar, for å sørge for at det er ekstra reint og ryddig. Dersom du bor hos oss i fleire døgn og ønskjer at rommet ditt skal bli stellt, heng ut skilt på døra før kl. 12.00. Skiltet finn du i skapet på rommet ditt. 

Hotelltelefon, minibarflasker, kaffimaskin,  vannkokar og alle berøringsflater er reingjort. Mappa med informasjon som vanlegvis ligg på rommet, er fjerna, men ikkje nøl med å ringe resepsjonen (nummer 9) dersom du lurer på noko. 

Du finn også hotellinformasjon på TV. For romservice og romservicemeny, ring 700.

Utsjekk er kl. 12.00.

Konferanse

Bord og stolar og andre flater blir reingjort grundig før og etter kvar konferanse. Bord og stolar skal stå frå kvarandre med minst 1 meters avstand.

Ved servering i pausar har vi tilsette til stades, og det blir sett fram handsprit mange stader. 

Utsette område og overflater blir tørka av regelmessig i løpet av konferansen. Vi er ekstra nøye med teknisk utstyr, kaffemaskiner, dørhandtak eller andre kontaktflater som er hyppig i bruk.

Union Bad & Spa

Nytt frå 2021 er at sparesepsjonen er flytta til nye Union Spashop ved sidan av hovudresepsjonen i 1. etasje. Dersom du ønskjer kontakt med personalet vårt i spa, ring 861 eller send epost til spa@hotelunion.no

Smittevernreglane gjer at berre gjester som bur hjå oss kan nytte seg av Union Spa. Her vil du kunne nyte våtromsavdelinga vår, og avlappingsromma med servering av spa-frukost fram til kl 12, kaffi og te. 

Symjebassenga er ope for bading og oppvarming før behandling. Vi fyrer i peisen for å skape den gode stunda for deg. 

Behandling

Opningstider:10.00 - 19.00

Vi ber om at alle behandlingar blir bestilt før du kjem til oss, og at du tek kontakt med spaavdelinga for tips og råd om kva du bør velje. Spagarderobene våre er opne, men vi ber deg om å møte opp i god tid, ferdig dusja og med badekåpe og slippers på.  

Gjer vel å halde god avstand når du ventar i sparesepsjonen.

Bad

Du er velkommen til å nyte Union Bad med god avstand til andre som ikkje er i same familie/gruppe. Opningstidene er frå kl. 06.00 – 22.30.

Pass på å halde avstand på badekåper og badetøy som du heng frå deg.

Smittevernsreglane gjer at vi må avgrense talet på gjester i bassenget samtidig, maks 25 inne og 15 ute samtidig. I barnebassenget kan inntil 2 familiar med 3 personar kvar vere.

For at flest mogleg skal kunne bruke bassenget, ber vi om at besøket blir avgrensa til 30-45 minutt. Dersom det er fullt, ver snill å vente på tur.

Hotellgjester som ikkje ønskjer å bade, kan ikkje vere inne i bassengområdet.

Servering i Union Bad & Spa

Du kan få kjøpt eiga vannflaske til bruk under opphaldet ditt i spashoppen ved sidan av hovudresepsjonen. Det er ikkje tillatt å ta med eigne drikkeflasker/drikkevarer i Union Bad & Spa.

Dersom du ønskjer mat eller drikke utanom dette, anbefalar vi Kafé Løsta. Her finn du enkle rettar og noko å drikke, og kan gjerne møte i badekåpe.

Mobiltelefon og personlege eigedeler

Når du besøker Union Spa kan du ikkje bruke mobiltelefon. Vi ber deg difor om å legge den igjen på rommet, saman med andre personlege eigedeler som ikkje er høgst nødvendige. I sparesepsjonen kan du kjøpe eigne vesker som kan brukast dersom du må ha med personlege eigedelar inn. 

Spameny

Sjå den nye spamenyen på våre nettsider: www.hotelunion.no/spa

Solarium / treningsrom

Dette er stengt på grunn av restriksjonane.

Leikerom

Leikerommet er ope, men med begrensninger på maks 10 personar samtidig. Hugs avstand og god handhygiene.

Restaurantar/servering

Frukost, lunsj og middag blir servert i restaurant Fjorden.

Frukost blir servert mellom kl 07.30 - 11.00 mandag - fredag, og mellom 07.30 - 11.00 laurdag og søndag.

Eigen lunsjmeny frå kl. 12.00 og middag frå kl 18.00 til 22.00 kvar dag. 

Alle gjestene må reservere bord og tidspunkt på førehand, dette gjeld både frukost, lunsj og middag. Kontakt hovudresepsjon.

I restauranten får du servert god a la carte-frukost, tre-retters middag og brasserimeny. 

Alle gjester sit trygt med 1 meters god avstand til kvarandre og blir bedne om å bruke handsprit ved inngangen til restauranten. Alle kontaktflater, bord og stolar blir vaska grundig mellom kvart besøk. Dukar og menyar blir skifta mellom kvar gjest

Kafé Løsta

Ta gjerne turen til kafeen vår i 3.etasje ved hagen og bassengavdelinga. Det vil vere redusert kapasitet på grunn av avstandsreglane. Ope kvar dag mellom 13.00 - 17.00, fredag og laurdag serverer vi pizza fram til kl 18 og drikke fram til kl 20.

Veteranbilgarasje 

Mange av bilane som vart nytta for å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet, er framleis i god stand. Ti av dei finnast i dagens samling, som er utstilt i underetasjen i konferanseavdelinga vår. Utstillinga er open kvar dag mellom 07.00 - 22.30.

Salongbaren/Union Dancing

I salongen vår er det god plass, og vi er opne for bordservering. Vi ber om at alle held god avstand og brukar handspriten som er sett ut. Ope frå kl. 12.00. 

Union Dancing er stengt.

Ta gjerne kontakt med oss dersom noko er uklart.

Hjarteleg velkomen!

Beste helsing

Familien Mjelva og Personalet