01. - 03. oktober

Yoga og helse

Velkomen til ei nydeleg helg med yoga og meditasjon med Stine Kopparnæs frå Yoga & Helse første helga i oktober.

Stine tek oss med inn i yoga og meditasjon for å stresse ned og samtidig bygge innvendig og utvendig styrke. Vi går også inn i yoga-filosofi og skriving før vi mediterer for å lettare kunne integrere det vi praktiserer kvardagen vår. Yogaen blir tilpasset dykk som deltek.
Vi gjer pusteøvingar for å styrke det beroligende nervesystemet / vagusnerven, øvelsar som du enkelt kan ta med deg heim.

Dersom veret tillet det så gjer vi yoga utandørs på laurdagen. Omgitt av den fantastiske naturen i Geiranger. Det er også flotte turmoglegheiter mellom yogaøktene.

Prisen inkluderar opphald, frukost og middag, gratis parkering, inngang til Union Bad, yoga og meditasjon:

5990,- per person i dobbeltrom
6750,- per person i enkeltrom (Ekstra for fjordutsikt er 450,- kr og for balkong og fjordutsikt er det 590,- kr)

Påmelding direkte til stine@yogaoghelse.no

Program:

Fredag 1. oktober:
18:00 – Kort samling, velkommen hit, ei rolig økt med yoga og meditasjon (du kan sjekke inn på hotellet tidlegare om du ønskjer det).    
Middag på hotellet

Lørdag 2. oktober:
7:30 – 10:30 – Frukost
11:00 – 12:30 Styrkande yogaøkt og meditasjon. Er det varmt og fint vér så tek vi yogaen utandørs.

Mellom yogaen kan du utforske vakre Geiranger og ete lunsj der du ønskjer. Besøk Union Bad & Spa og unn deg ei velgjerande spabehandling - sjå www.hotelunion.no/spa 
17:00 – 18:30: Mjukgjerande yogaøkt, filosofi, skriving og meditasjon
Middag på hotellet.

Søndag 3. oktober:
7:30 – 8:30 Styrkande Yoga
Frukost fram til 10:00
Utsjekk kl 12:00

Meditasjon kl 13:00 – 14:00 før avreise. Moglegheit for både lunsj og middag på hotellet om du ønskjer det før du reiser heim.