17. - 19. april

Strikkehelg

Er du glad i å strikke? Kva med ei heil helg i lag med andre strikkeglade, fylt med kreativitet og inspirasjon. Dette er helga for alle med lidenskap for strikking! Vi får mellom anna besøk av Rauma Ullvare som vil halde foredrag og moteoppvisning. Vi får og besøk av Bente Ban Opshaug frå ”Butikken” på Stranda, som vil gi gode råd og veiledning til montering av plagg - vi har alle nokre UFOar (”unfinished objects”) liggande. Pia Øye Amundsen betre kjent som @guttenogstrikkemor på Instagram, kjem også. Ho er kjent for sine tidlause kvalitetsplagg med ein moderne vri.

Laurdag kveld blir det foredrag med Hildegunn Moltubakk:

Banebrytande strikkeforedrag på Union i Geiranger 18. april:

Strikk eller stikk! 

- Strikking handlar om å puste, om å leve og om å elske! seier Hildegunn Moltubakk, i det siste mest kjent som strikkebloggaren «Strikkebitsj». I foredraget «Strikk eller stikk!» utfordrar ho strikkaren i deg så frontalt og så til dei grader direkte at du aldri meir vil strikke ei tilfeldig maske.

Strikkebitsj strikka si første sjølvkomponerte kofte som 4-åring, og den snakkesalige dama frå Ulsteinvik er ein sterk og modig pådrivar for frihandsstrikking. Eller som Strikkebitsj seier: - Om du aldri har strikka på frihand før, så har du enno ikkje levd!

«Strikk eller stikk!» er eit svært utfordrande foredrag for både strikkarar og andre døydelege, og i tillegg til å utfordre deg som både strikkar og menneske, tek ho òg for seg arketypane blant strikkarar: vottestrikkaren, lausstrikkaren og mønsterstrikkaren! Kven er du blant desse, og kven vil du eigentleg vere?

Dei som kjenner til Strikkebitsj og Hildegunn frå før, veit at ho i tillegg aldri greier å halde stilt om kva som skjer på privaten. For der er det som regel drama på både eitt og fleire plan. Hildegunn er nyleg separert, og det var eksmannen hennar, Per-Leif, som kalte henne «Strikkebitsj» første gong – som eit skjellsord. Men i staden for å la seg knekke bestemde Hildegunn seg for å ta namnet til seg – og bruke det for det det er verdt. 

Enten du strikkar eller ikkje – eit foredrag med «Strikkebitsj» er sannsynlegvis livsendrande. I alle fall under sjølve foredraget. Vel møtt!

Pris frå kr 2740,-.  

Prisen gjeld per person, 2 døgn i standard dobbeltrom (tillegg for enkeltrom), inkl. halvpensjon, lunsj laurdag, inngang Union Bad og ulike aktivitetar. (Dette inkluderar middag fredag kveld, frukost, lunsj og middag laurdag, og frukost søndag). 

Pris for enkeltrom frå kr 3480,- per person

HG-pressefoto1_strikk_eller_stikk.jpg


Bestill opphald