13. november - 11. desember

Søndagsspa med Afternoon tea

Kvar søndag frå 13. november til 11. desember byr vi på ein heilt ny dagpakke i Union Spa. Nyt ein dag i Union Bad & Spa og avslutt dagen med det nye konseptet vårt Afternoon Tea i salongen i 1. etasje. Kjøkkenteamet vårt har satt saman ein tradisjonell Afternoon Tea med små søte og salte munnfuller som gir ein smak av tradisjon og moderne tankar. For å toppe det heile serverer vi te frå vår utvalgte produsent eller kaffi for den som ønskjer det.

Pakken inkluderer:

  • Inngang Union Spa
  • Leige av badekåper og tøfler
  • Spafrukost
  • Morgonyoga i tårnet kl 8.30
  • Frukt, te og kaffi i Union Spa
  • Afternoon tea servert i salongen i 1. etasje inkludert te/kaffi.

Senk skuldrane og nyt dagen hos oss. Velkomen til den gode stunda!

Pris kr. 1075,- per person

Bestill på førehand direkte med Union Spa - spa@hotelunion.no eller ring 70 26 83 00.

_TMO1952_E_min.jpg

hotel_union_geiranger_hst_tonemolnes_2018_TMO2891.jpg

afternoon_web.jpg