Sommar i Geiranger

Har du lyst å smake på turist-Geiranger, kan du kombinere det med eit opphald på Union. Då har du ein roleg base for opplevingar i fjord og fjell. Ziplina i botnen under Flydalsjuvet er det siste nye i bygda. Men du kan også sykle, padle eller ro og kan velje og vrake i aktivitetstilbod. Når du er mett av inntrykk kan du finne ro og kvile, bade og spa på hotellet. Så samlar du krefter før du legg ut på nye eventyr.

Vi har flotte turmoglegheiter i ulike vanskegrader rett utanfor hotelldøra! Kva med ein tur opp til Westerås gard for å helse på geitene? Eller vidare opp til Storseterfossen for ein forfriskande dusj under fossen? Eller du kan gå den kjende turen frå fjorden og opp til fjellgarden Skageflå. Eller kva med å nyte solnedgangen frå Dalsnibba 1500 moh? Ønsker du fleire tips, så er det berre å spørre oss! 

Kontakt oss for eit godt sommartilbod!

Sjekk ut våre samarbeidspartnarar for meir informasjon om ulike aktivitetar i Geiranger:

www.geirangerfjord.no

www.dalsnibba.no

www.emobgeiranger.no