06. - 13. april

Påskeveka

Påska er eit høgdepunkt for mange. Endeleg tid til å samle alle, både liten og stor, ung og gammal. Fleire generasjonar samla rundt same bord. Samtalar og augeblink som set seg i minnet. Det blir mange kjekke aktivitetar for born. Vi får besøk av Odd René Andersen, som i mange år har tilhørt eliten av norske vokalistar og blir ofte omtalt som Norges ubestridte soulkonge. For mange er han kanskje mest kjent som den store stemma frå NRK programmet Beat for Beat, der han har vore gjest fleire gongar. Det blir og fleire økter med yoga med Marit Andersen, ho underviser i Ha-Tha yoga, som er ein mild form for yoga som passar for alle.

Familiepakke frå kr 3090,- Prisen gjeld 2 vaksne og 2 barn (0-12 år), eit døgn i std. dobbeltrom, inkl. halvpensjon og inngang Union Bad. 

Pris per vaksen frå kr 1 350,-

Seniorpris frå kr 1 190,-  Prisen gjeld per person, eit døgn i std. dobbeltrom, inkl. halvpensjon og inngang Union Bad. Samme pris for enkelt- og dobbeltrom.

Bestill opphald