23. - 25. oktober

Mat- og vinhelg med Odd Ivar Solvold

Odd Ivar Solvold har blitt omtalt som Kokkenes Kokk og ein av landets tre beste kokkar.

I haust kjem han til Hotel Union for å inspirere kjøkkenteamet vårt til ei mat- og vinhelg vi håper det skal gå gjetord om!

Vi hentar kortreiste råvarer av beste kvalitet frå sjø og land, og set ekstra fokus på vin. Vi får mellom anna besøk av den tyske vinmakaren Johannes Leitz frå Rheingau. Har du lyst å bli med på prøvesmaking i vinkjellaren vår, så ting plass!