13. - 15. mars

Jentehelga

Datoane for årets jentehelg er - 13. - 15. mars 2020! 

Ta med deg venninnegjengen på ei sosial og avslappande helg i Geiranger. Kva med å starte helga allereie torsdag, så får du eit ekstra døgn med spa og avslapping. Sjå fram til ei innhaldsrik helg med mellom anna Qi Gong med Susanne Hoppe, pilates med Erna, hudanalyse og hudpleiekurs med Anne frå Babor. Det blir og gratis kurs med Letsip AS - om trening av ansiktet for å stramme opp og redusere rynker.

Vi får og besøk av Yngvar Andersen, kjent frå NRK programma ”Puls” og ”To buksestørrelser ned”. Yngvar tek oss med på forskjellige treningsøkter, blant anna utandørstrening i trappene i Fossevandringa, det gler vi oss til! 

Yngvar vil og halde to inspirerande foredrag for oss. 

Vi får og besøk av Irina Lee, Irina Lee er journalist, forfattar og gründer. I 2017 ga ho ut boka ”Spis deg fri”, som er ein norsk oversettelse av den amerikanske boka Bright Line Eating, skrevet av doktor i psykologi, Susan Peirce Thompson. Boka viser korleis det er mulig å «spise seg fri» frå overvekt, søtsug og livsstilssykdommer.

Helgepris frå kr 3140,-

Prisen gjeld per person, 2 døgn i std. dobbeltrom, inkl. halvpensjon, inngang Union Bad og ulike aktivitetar.

Bestill opphald