Explore Geiranger

Geiranger har ei skjult naturperle midt i sentrum! Den nye naturparken tek deg med på klatring langs Geirangerelva, balansering på nepalbruer og flyging over juv og fossefall. Alt samen i gåavstand frå hotellet. Zipliner, nepalbruer, tårn, plankebruer og via ferrata er bygd for å gi flotte og spennande naturopplevingar.

Ziplinene er landets første zip der to wire går parallellt via fem installasjonar. Her får du flyge gjennom UNESCO naturen som ein fugl i tretoppane og kanskje kjenne litt på magesuget i det du flyg over Dynamittfossen! Men parken byr på meir en bare flyging! Dei har også integrert via ferrata og nepalbruer langs Geirangerelva. Dette er trygg klatring der du får testa armer, bein og balanse. Heilt sikkert ei oppleving du seint vil gløyme!

Sjekk ut www.exploregeiranger.no for meir informasjon!